— Mange vel fag dei aldri burde tatt, meiner tredjeklassingane Malene Henden og Ragnhild Svalheim ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

For å illustrere korleis systemet fungerer, brukar dei elevar som ønskjer å bli journalistar. For å kome inn på den populære journalistutdanninga, må karakterane vere svært gode, gjerne 6 i snitt. Realfag gjev ekstrapoeng og god utteljing. Tek du mediekunnskap, får du ikkje noko ekstra ut over fordjupingspoenga, heller ikkje til journalistutdanninga.

— Dei som vil bli journalistar, tek difor matematikk, fysikk, kjemi eller biologi fordi det løner seg når dei skal søkje om studieplass. Mediekunnskap, som ville kunne gitt dei innføring og bakgrunn for yrket, blir valt vekk fordi det ikkje gjev ekstra utteljing på vitnemålet, påpeikar dei to.

— Gjeld dette mange?

— Ein god del. Eg har skulekameratar som seier dei hatar matte, men at dei må ha ekstrapoenga for å kome inn på studiet dei ønskjer etter vidaregåande, fortel Malene. Ho får støtte av klassevenninna Ragnhild:

— Det er berre å sjå på biologi. Det blir rekna som det enklaste av realfaga. Her på skulen er alle biologiklassane smekkfulle.

Dei to Hafstad-elevane meiner det blir feil å stemple ungdommar som late og lite flinke.

— Det er klart nokre er late. Men det er mange andre som ikkje er det, seier Ragnhild Svalheim.

— Mange elevar har no både skule, jobb og fritidsaktivitetar dei er med på, seier Henden.

Ho jobbar med lekser i snitt to timer kvar kveld, og seier dette slett ikkje er uvanleg.