På det fem mål store Skottaberg-området, der marinaen er i dag, vil grunneigarane Gunnar Nylund, Finn Pedersen og Holmedal & Husum byggja rundt 50 bustader, kvar på 75-140 kvadratmeter, og rundt 2000 kvadratmeter kontor— og forretningsareal.

Jo Kjetil Nielsen i Link Arkitekter har teikna ein bygningsmasse med moderne bybustader som har kontakt med sjøen. Han har gitt plass til smitt og smau, og til parkeringsanlegg i kjellaren. Den kommunale strandpromenaden skal gå på nedsida, marinaen skal flyttast ut til moloen.

— Mange har alt vist interesse for leilighetane, som har både kveldssol og sjøutsikt, seier Gunnar Nylund.

Området blei i fjor regulert til bustad- og forretningsbruk. Grunneigarane har arbeidd med prosjektet i seks år, og har lagt vekt på at husværa ikkje skal ta utsikt frå eksisterande bustader på Skottaberg. Finn Pedersen vonar på byggemelding med det første.

Utanom dette prosjektet på «hi sio», er det klart for ei bustadutbygging på Hamnebygget ved Nattrutekaien, Leirvik Brygge. Også i Evjo er det lansert bustad- og forretningsplanar. I sjøkanten er det i det siste tiåret også kome sentrumsnære husvære i Brotalio og på Nesjaberget.