Kalddusjen vart servert av regiondirektør Lars Christian Stendal på ein elles solrik og gemyttleg dag. Hordaland fylkeskommune hadde i går invitert NSB-leiinga til konferanse i Bergen, med innlagt togtur til Trengereid, ei reise på gjestene si rekning.

I statsbudsjettet for 2006 fekk Bergen ei oppstartløyving på 20 millionar kroner til ein del arbeid på stasjonsområdet og førebuing til legging av dobbeltspor til munningen av Ulrikstunnelen på Fløen. Oppstartløyvingar skal normalt følgjast opp med større løyvingar påfølgjande år, til prosjektet er ferdig.

Killi vil venta i to år

— Framdriftsplanen tilseier 80 millionar kroner Signalet frå Jernbaneverket er no at vidare arbeid vert utsett i to år, fortel Stendal.

— Typisk, kommenterer leiaren av Forum Nye Bergensbanen, vossaordførar Bjørn Christensen.

Han påviser at løyvingane til Bergensbanen i planperioden berre utgjer 2,6 prosent av løyvingane til det norske jernbanenettet. Det aller meste går til austlandsområdet. Ringeriksbanen, som kuttar reisetida Bergen-Oslo radikalt, er i det blå. At pengane som var stilt i utsikt til Bergen-Fløen også hamnar på Austlandet, er i tråd med det ein har opplevd tidlegare. Bergen ligg for langt frå Oslo.

— Eg har lyst til å bruka så sterke uttrykk at det ikkje høver i ei slik forsamling, seier Christensen.

— Dette må vi gripa fatt i med ein gong. Vi må analysera korleis vi skal få plass att pengane før 2008-budsjettet blir lagt fram, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Dobbelspor til Fløen er første steg mot dobbelspor mellom Bergen og Arna stasjonar.

Nye togsett

NSB vil kjøpa inn 50 nye persontogsett, den største investeringa i rullande materiell i selskapet si soge. Dei skal erstatta gamle tog, og ta mot aukande jernbanetrafikk.

— Så sant eigaren (Staten) går med på det, seier visekonsernsjef Rolf Roverud i NSB.

Denne gongen kan flunkande nye lokaltogsett bli sett inn i trafikken til Arna, Voss og Myrdal.

På gårsdagens togtur til Trengereid, tok deltakarane plass i eit togsett frå 1975. Rutediagrammet oppunder taket røper mange års teneste i hovudstaden før det er påspandert nye setetrekk og fleire spann måling, og sendt vestover.

NSB støttar fylkeskommunen sitt initiativ for revitalisering av Vossebanen, og vil følgja opp planen i sitt innspel til NTP, seier Roverud.

Krokete jernbanespor

— Satsing på Vossebanen er i tråd med suksesskriteria i verksemda vår elles, seier plansjef Tom Ingulvstad i NSB.

Han vedgår at Bergen har blitt liggjande etter. Dei som engasjerer seg, får gjennomslag. Stavanger og Trondheim har fått mykje til.

Arna stasjon og tunnelane på begge sider vart opna i 1964. Lina vidare austover frå Takvam til Trengereid ligg i same trasé som den opphavlege Vossebanen frå 1880-talet. Her trengst 500 millionar kroner til å retta ut eit særs krokete spor, så toga kan auka farten.

I prosjektet som fylkeskommunen har utarbeidd, trengst to milliardar kroner til betring av infrastrukturen mellom Bergen og Voss i løpet av planperioden.

Til ny hamn

Flytoget, no med nytt namn «Bergensbanens forlengelse til Flesland» kan få ny aktualitet dersom ny hamn for Bergen blir lagt til Flesland. Då kan det fort bli aktuelt med godsterminal for jernbane på kaikanten.

NSB ser for seg ei bane med dobbeltspor via Haukeland sjukehus, Kronstad, Minde, Oasen i Fyllingsdalen, Sandsli og Kokstad. Persontog kan gjera unna turen på knapt 20 minutt, 13 dersom ein kuttar ut Minde og slår tunnelen rett frå Kronstad til Fyllingsdalen.

UTGÅTT PÅ DATO: Jernbanelina like vest for stasjonsbygningen på Trengereid kan neppe kallast moderne.