STEINAR HYSTAD (tekst og foto)

Eit yrkesval han ser ut til å vera åleine om i hordafylket.

— Det er mottaket i Koløyholmen eg kan takka for at det vart råd å satsa fulldrift på krabben. Eg har alltid levert fangst til Havn Produkter AS på den vesle vestvendte handelsstaden i Fitjar. Den tid Havn sine hadde butikk, var krabbekoking og skjelfylling attåtnæring nokre haustmånader, for dei just som for oss fiskarar. Me balte med garn det meste av året. Då Knut Ingar Havn valte å satsa på krabbeforedling som heilårsgeskjeft og bygde moderne produksjonslokale, opna han for stødige og stadige leveransar frå oss som syt for råstoffet. Siste to åra har det berre vore krabbefangst for min del, fortel Jan Torkelsen.

Sæverudsøy utfor Urangsvåg i Bømlo har vore heimehamn for fiskaren i alle 56 åra som er gått sidan han byrja krabba og gå. I 41 år var han nøydd å gå om bord i eit farty same kvar han skulle. Sæverudsøy var fram til for 15 år sidan «flytande», og det kunne ta frå halvtimen til tre kvarter å koma seg til kommunesenteret Svortland med båt og bil. Via bru tek turen til sentrum i dag sju minutt. Torkelsen tykkjer familien bur landleg sentralt.

Alltid fiske

Meir og mindre gyngande skipsdekk i farvatnet kring hundrevis av øyar, holmar og skjer i Bømlo og Fitjar har vore arbeidsplassen frå Jan Torkelsen hadde elddåp på eit brislingbruk rett etter konfirmasjonen. Han har prøvt dei fleste fiskeria, men har lengst fartstid på eigen sjark der årstida bestemte kva reiskap som skulle i sjøen for å sikra levevegen. Drivgarn etter laks sommarstid så lenge det var lovleg, garnfangst etter sei, torsk og lyr, not etter makrell og sild. Eit par turar etter størja er det også blitt.

— Inntil for to år sidan var krabbe sesongarbeid med oktober og november som månadene me var nokolunde sikre på å få levert klodyret. Tek me eit sjumilstøvelsteg attende i tid, var det mottak i både Fitjar og Koløyholmen, i tillegg til at det kom føringsbåt og henta til hermetikkindustrien nord i fylket. Det spesielle dei 35 åra eg har sett og halt teiner på faste lokalitetar i området «mitt», er at fangsten har vore jamt stor. Slik har det også vore ved kvart hal dei to åra eg berre har fangsta krabbe. 50 eksemplar er det maksimale i ei teine, då snakkar me om fullt hus, og motsett kan eg ikkje minnast at det har vore under ti. Kvaliteten ymsar meir ein kvantiteten. Krabbane eg ikkje finn gode nok vert sleppte uti. Vil nok tru at det er mange krabatar eg har helsa på tre, fire, fem gonger før dei er godkjende og ført til Havn, seier Torkelsen.

Pigghå er toppagn

Det vart ei heil detektivoppgåve å prøva finna stadfesting på om Jan Torkelsen er den einaste personen i Hordaland med heilårskrabbefiske som yrke. Sjølv trur bømlingen at det kanskje er slik. Han har ikkje høyrt om andre enno, men viser til at det er mange som jaktar på skaldyret om hausten. Fiskarmanntalet og fiskarane si fargrørsle visste ikkje - men mottaksnotarius i Vestnorsk Fiskesalslag kjende godt namnet. Det er Torkelsen laget får flest krabbemeldingar på.

— Stadig store kvantum krabbar i teinene har gjort meg meir og meir forviten på skapningen. Stundom lurer eg på om han går i eit evig 17. mai-tog på botnen. Spør meg ofte om han ruslar etter faste ruter og om han er eit flokkdyr sidan han er å få på same plassane. Har inntrykk av at det ikkje er forska så svært mykje på krabben, endå han har vore på matborda våre i mange, mange år. Dykkarar har fortalt at han kravlar over store areal der nede. Det me veit er at det er det ymsande kvalitet og matinnhald i samband med skalskifte og at krabben står monaleg djupare vintertids enn om sommaren, noko som har med føda og vasstemperaturen å gjera. Pigghå er toppagnet på 20 famnar, og treteiner med notkalvar fungerer best, avslører Jan Torkelsen.

Og for å få litt motvekt til den gyngande kvardagen om bord i «Basen senior» - er fru og herr Torkelsen frå Sæverudsøy flittige medlemer i Bømlo folkedanslag.

DAGENS FANGST. Jan Torkelsen leverer ca. 600 krabbar til Havn Produkter AS. Så sant ver og vind ikkje er for vonde å tevla mot er han innom fabrikken i Koløyholmen med krabbe kvar yrkedag året rundt.<p/>FOTO: STEINAR HYSTAD