Sidan måndag er 1.-klassingen Cecilia Hagenes blitt frakta til og frå Tellnes skule med taxi. No er det snart fire veker sidan 6-åringen vart påkøyrd av ein syklist. Skinnleggen knakk tvers av.

No sit Cecilia i rullestol med gipsa fot, og det må ho truleg gjere i minst tre veker til. Dette er årsaka til at skulen har gjort avtale med Norgestaxi om transport til og frå skulen for eleven.

— Vi vart lova at Cecilia skulle kome seg trygt til og frå skulen, seier faren Ronny Athle Hagenes.

Etter den første veka er han lite imponert over Norges Taxi, men tvert om sint og frustrert.

Ein time for seint heim

Ikkje berre har Cecilia kome for seint på skulen kvar morgon, fortel faren, fordi drosjen er seint ute. Onsdag ettermiddag kom ikkje taxien i det heile tatt. Det var skulen som ringde og sa frå.

Hagenes måtte ta fri frå jobben i Fyllingsdalen og køyre over tre mil for å hente dottera sør på Sotra. Han kom fram over ein time etter at drosjen skulle ha vore der.

— Tilfeldigvis var det vaksne på skulen som tok seg av Cecilia. Berre flaks.

Fleire gonger den dagen prøvde far å få kontakt med Norgestaxi. Utan hell.

— Og neste morgon kom Cecilia for seint på skulen. Som vanleg, seier far oppgitt.

Neste dag fekk han til slutt tak i Norgestaxi og vart lova at alt skulle ordne seg. Men Hagenes føler seg slett ikkje trygg. Han er uroleg på vegner av dottera.

— Ikkje klarar dei å gi beskjed om at ungen din ikkje blir henta. Når du prøver å ringe dei, får du ikkje tak i dei. Det er skremmande og skjer sikkert med andre også, seier Hagenes.

— Det er ei stor oppgåve å ta på seg ansvaret for andre sine ungar. Om Norgestaxi ikkje klarar det, må dei ikkje ta på seg eit slikt ansvar.

Telefonstorm

Norgestaxi Bergen AS er tildelt fem såkalla skulekøyringspakkar frå Hordaland fylkeskommune. At Cecilia ikkje vart henta onsdag, forklarar dagleg leiar Jan Tennfjord med at teleoperatøren låg nede heile dagen.

  • Dette skjedde på det verst tenkjelege tidspunktet. Vi kunne ikkje kunne kommunisere med bilane, når dei skulle hente og levere elevar. Alt stoppa opp. Vi hadde mange frustrerte kundar.

- Faren fortel at han ikkje fekk kontakt med Norgestaxi i det heile?

  • Det er fordi alle ringde. Vi hadde ein telefonstorm utan like frå foreldre, skular og sjåførar. Berre ein brøkdel nådde fram, seier Tennfjord.
  • Men vi har tatt dette opp med teleleverandøren, og det skal i utgangspunktet ikkje skje igjen.

I går kveld hadde ikkje Tennfjord informasjon om kvifor Cecilia blir henta for seint kvar morgon.

— Vi fraktar rundt 250 barn og held høgt nivå, når det gjeld leveranse. Men vi kan ha bomma, og det beklagar eg på det sterkaste. Vi skal sjølvsagt undersøkje saka og følgje med på at transporten går som avtalt.

Har du opplevd taxikrøll? Skriv gjerne eit innlegg.