Eit siktemål med vintervedlikehaldet er at tilhøva skal vera minst mogeleg vekslande.

Det seier distriktsvegsjef Nils Magne Slinde i Sogn.

Han minner likevel om at vurdering av ulike køyretilhøve er ein viktig del av sjåføropplæringa på trafikkskulane.

Slinde ønskjer ikkje å opplysa om vegen var strødd eller salta før ulykka i Flåm.

— Som vanleg i slike saker går opplysningane våre gjennom politiet. Politiet har leiinga, og dei samarbeider med vegdistriktet si ulykkesgruppe og den statlege Havarikommisjonen, seier han.

Lensmann Kjell Nordgulen i Aurland nøyer seg med å seia at detaljane omkring ulykka vil koma fram under den vidare etterforskinga.

Slinde opplyser at Vegstellet har kontrakt med Mesta på den aktuelle strekninga. Dei skal syta for at friksjonen på vegen tilfredsstiller avtalte krav, om turvande med strøing eller salting.

Ulykkesstaden er særleg vanskeleg for vestgåande trafikk. Inne i Fretheimstunnelen er det tørr og bar vegbane. Nesten heile tunnelen ligg i en kurve, og svingen held fram idet ein går direkte over på ein viadukt i tunnelmunningen. Sidan vegen her ikkje ligg på bakken, er faren for underkjøling ekstra stor. Kulden går tvers gjennom betongdekket.

Trafikk vestfrå køyrer eit stykke på vanleg veg frå munningen av Flengjatunnelen til ein er ute på viadukten, men også her kan det vera brå overgang til glatte parti.