Musikantane er kadettar ved Tayforth-universiteta. Dei er med andre ord sekkepipeblåsarar under militær opplæring. Men dei høyrdest ut til å ha traktert det vanskelege instrumentet ei god stund. Og sjefen med den lange taktstokken har tvillaust årelang rutine, både i marsjering og i å svinga stokken.

Korpset er på Noregstur, og Voss er ein sjølvsagt stoppestad, så mange britar som har vore her på vintertrening. Sjefen for Alliert Treningssenter Sør (ATTS/S), Oberstløytnant Oddmund Nygård, er vert under vossaopphaldet.

Arne Hofseth