— Det er faktisk artig når vi får systemet til å fungere så kjapt som dette, seier politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Saman med ei yngre kvinne vart 41-åringen - som har adresse på Sunnmøre - pågripen i Florø onsdag, og sikta for fleire innbrot og tjuveri i Førde og Florø natta før.

Blant anna hadde mannen stukke av med 20.000 kroner frå ein bil han braut seg inn i, stole nøklar og vin frå eit hotell og gjort seg skuldig i eit par andre innbrot. Raidet i området vart gjennomført ved hjelp av ein bil, eit framkomstmiddel mannen slett ikkje har gyldig førarkort for.

Allereie torsdag rydda Sunnfjord for-hørsrett plass til saka mot mannen, som valde å legge korta på bordet og erkjenne alt han var sikta for.

Dagen vart dermed avslutta med ein tur til fengselet i Vik i Sogn, der 41-åringen skal sitte dei neste fire månadene.

Overfor Bergens Tidende opplyser politiet at deira register tyder på at dette er mannens 33. dom, medan han sjølv med styrke skal ha hevda at han faktisk er domfelt 38 gonger tidlegare.

— Uansett er dette ein aktiv fyr. Det går utelukkande i vinning og narkotika. Pluss at han stadig vekk skal kjøre bil. Det er 16. gangen han blir dømt for det-te, seier Broberg.

— Det viktigaste er å verne samfunnet ved å sette han ut av spel raskt. Det klarte vi denne gangen.