Ein person har skapt frykt fleire stader i Nordfjord det siste døgnet. Politiet har fått inn fleire meldingar om at mannen har forstyrra orden.

Politiet søkte etter personen fleire timar i føremiddag før han vart pågripen litt før klokka 13 i Nordfjord.

Då politiet ransaka han, blei det gjort beslag av både ammunisjon og knivar. Ifølge politiet er mannen ein gjengangar.

Mannen blei dimittert, men saka er meld.