OVE ARNE OLDERKJÆR

Dei to mennene på 33 og 34 år visste ikkje at politiet hadde avdekt den føreståande handelen. I Vinje blei vestlendingane pågripne saman med to menn frå Grenland-området som skulle overlevera stoffet.

I bilen til telemarkingane var det 593 gram amfetamin og 1912 gram hasjisj.

Den mislukka handelen skjedde sist jul. Fredag møter stordabuane i Sunnhordland tingrett på Stord, og vil der leggja alle korta på bordet i samråd med advokatane sine, Brynjar Meling og Torkel Tveit.

Fordi dei to tiltalte har gitt full tilståing, blir det ei forhøyrsrettssak utan møtande aktor. Den yngste Stord-mannen er tiltalt for forsøk på kjøp av både amfetaminen og hasjen, 34-åringen berre for hasjpartiet.

Aksjonen i Vinje avslørte ifølgje politiet ein storleverandør av sterkt narkotisk stoff på Austlandet. Mannen frå Grenland er sikta for omsetnad av tre kilo amfetamin.