Det estlandske vogntoget blei stansa i Lærdal klokka 16.20.

– Semitraileren hadde 20 tonn usikra last, seier operasjonsleiar Kjell Fonn i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Føraren blei pålagd å sikre lasten før han kunne køyre vidare. I tillegg fekk han ei bot på 1500 kroner, som han vedtok på staden.