Det var klokka tre på ettermiddagen ein februardag i år at 50-åringen vart tatt bak rattet på traktoren sin med nesten tre i promille.

Politiet stoppa mannen, tok alkotest til 2,86 promille og ordensmakta var deretter vennlege nok til å kjøre mannen heim.

Vel heime tok mannen straks beina fatt fots for å hente traktoren sin heim — med det resultat at han på nytt vart stoppa av politiet bak rattet på sin Massey Ferguson. Klokka var no blitt fem på ettermiddagen. Dermed bar det avstad til ny blodprøve, som viste at promillen framleis låg på godt over to.

Episoden fann stad i Vik kommune i februar i år, og Ytre Sogn tingrett meiner mannen må sone 45 dagar og betale 12.000 kroner i bot og tusen i sakskostnader.

Mannen hadde ikkje førarkort - dette hadde han allereie mista ved ein promilledom våren 2002 - men han hadde spesielt løyve til å kjøre mellom sine to eigedommar i kommunen. Dette løyvet inndrog politiet ved den første av dei to fyllekjøringane.

Dermed er mannen dømt for både promillekjøring og kjøring utan gyldig førarkort.

Mannen møtte ikkje fram da påtalemakta tidlegare i haust ville pådømme saka i forhørsretten, og møtte heller ikkje til hovudforhandlingane den 27. november.

Retten viser til at han ikkje hadde gyldig grunn til å utebli, og har lagt vekt på dette i skjerpande retning.