Klokka halv sju onsdag kveld fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at ein mann i 60-åra hadde gått i bakken medan han sykla. Han skal ha vore såpass påverka av alkohol at politiet oppretta promillesak.

Mannen vart frakta til sjukehuset i Førde med lettare skader i hovudet.

I Sogndal vart ein tenåring på sykkel påkøyrd av ein bil då han skulle krysse vegen over eit gangfelt. Den unge mannen skal ha fått skader i hovudet under ulukka.