Dette er andre gong Jensen blir dømt for slik kilometer-triksing, melder NRK Fylkesnytt.

Det var i desember 2000 at Jensen Auto AS selde ein bruktimportert Audi A6 2, 5 liters TDI varevogn med oppgitt køyrelengd på 76.000 kilometer.

Men serviceheftet med dokumentert køyrelengd mangla, og trøndaren purra fleire gonger etter det. Ikkje før kjøparen tok saka inn for retten vart køyrelengda kjent.

Då vart det klart at den reelle køyrelengda var meir enn 100.000 kilometer. Dette er andre gong kundar har saksøkt og vunne fram med påstanden om at bilselgaren har skrudd tilbake kilometerstanden på bilar. I 1995 vart han dømd til å tilbakebetale eit ektepar frå Gaular deler av kjøpesummen for ein bruktimportert Mercedes-Benz. Kjøparen hadde då kontakta den tidlegare eigaren i Tyskland og fått vite at bilen hadde gått 178.000 kilometer, og ikkje 58.000 som det stod på speedometeret.