Politiaksjonen varte i 10-12 timar, ifølgje operasjonssjef Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Via advokat fekk vi overtalt han til å overgje seg. Vi pågreip han utan særleg dramatikk, seier Bell. Politiet pågreip mannen klokka 15.15 i ettermiddag.

Sunnfjordmannen er ein kjenning av politiet.

— Mannen var på besøk hos nokon. Der tok han ei hagle, og gav uttrykk for at han ville skyte ein annan person som ikkje var på staden. Deretter drog han frå huset. Då vart politiet kontakta. Etter kvart fann vi han i hans eigen bustad, opplyser Bell.

I dag var det ikkje klart kor vidt mannen verkeleg hadde vore på veg for å ta livet av den aktuelle personen, eller om han berre kom med tome trugsmål.

Mannen vart sett i arresten i Førde.