Skapet stod på eit kontor på sjukeheimen, og tjuvane har rett og slett bore skapet ut. Tjuveriet blei oppdaga tidleg fredag, og i morgontimane fann ein politihund også medisinskapet like ved sjukeheimen.

Skapet inneheldt hjartemedisin og smertestillande tablettar, med det er førebels ikkje klart kor mykje medisinar som var i skåpet. Ved politivakta i Florø får bt.no opplyst at politiet i samband med pågripinga også fann ein del medikament. Men om dette er alt som var i skåpet, er førebels uvisst.