Kjersti Strømmen, Beijing. Det er slutt no. Korrespondenten har sendt sin siste Asia-rapport. I alle fall for denne gongen. Ho er ferdig med sine fire og eit halvt tilmålte år i felten. Philip Lote har overteke NRK-kontoret i Beijing. Kjersti har lova å møta på jobb i utanriksredaksjonen i Oslo i januar. Men først må ho tilbake til Kina.

— Det er perfekt å pendla mellom Bømlo og Beijing, eg skulle gjerne ha halde fram med det, seier ho.

Med påhengsen på full fart framover kjem ho fossande mot oss i morgonsola. Ho svingar rundt eit par stakar i det glitrande sundet, legg til kai og ber oss hoppa ned i plastbåten. Vi klatrar forsiktig om bord.

Kjersti set kurs for første krabbeteina. Og vidare til neste. Det er fangst i begge. Ho serverer gjerne krabbe når ho har gjester på Bleikja, eller Tanteholmen som ungane til bror hennar har døypt den elleve mål store øya Kjersti kjøpte for tre år sidan. Den raude hytta her har blitt hennar faste haldepunkt i heimlandet.

Bestevenninna frå Beijing tok skrekken, ikkje berre på grunn av ein litt for lite kokt krabbe då ho kom hit på ferie i fjor sommar. Ho drog vidare til Oslo alt neste dag, tykte det var altfor primitivt og folketomt her uti Børøyfjorden.

Den moderne kinesiske kvinna som har skaffa Kjersti vakre antikvitetar til den stilige heimen hennar i Beijing, var ikkje heilt komfortabel med enkel norsk hyttestandard. Og ho var ikkje imponert over Kjersti sin innreiinga-innsats i feriehuset. Hytta har korkje elektrisk lys, innlagt vatn eller fjernsyn.

På den tida venninna kom frå Kina, var ferieplassen dessutan monaleg meir overgrodd enn i dag. Korrespondenten har fått prøva seg som tømmerhoggar og småskogryddar og framleis står mykje arbeid att før Kjersti har fått den lufta og den utsikta ho vil ha omkring seg.

Holmen er full av store, modne bjørnebær. Humlene gassar seg i røsslyngen, ein flokk måsar kviler på undervassskjeret like ved og hyttenaboane på fastlandet har drege til byen. Ei einsleg snekke bryt stilla og lagar spor på den blanke fjorden. Kjersti Strømmen sit på svaberget, heilt nede i sjøkanten.

Dama med det store smilet og det sterke blikket tek livet heilt med ro. At ho skal nå eit fly i Haugesund om fire timar og at ho enno ikkje har pakka, ser ikkje ut til å hefta.

— Å sitja her og sjå ned i sjøen på småfiskane er rein meditasjon. Det er som å sjå inn i peisen eller la tankane forsvinna inn i eit bål, seier ho.

Kjersti Strømmen, Beijing. Det blei ikkje mykje stillesitjing ved tekoppen i Asia. Fritid var det smått med. Var ho så dristig at ho planla ei frihelg, så kunne ho vera sikker på at det skjedde noko ein eller annan stad i det enorme arbeidsområdet som ho måtte rapportera heim om. Og ho har avbrote mange middagsbesøk og gått ut på gangen for å senda heim siste nytt på mobiltelefonen.

Kjersti hadde åleine ansvaret for å halda NRK-publikumet informerte om eit område som omfattar 1/3 av alt folket i verda. Det var vel ikkje å venta at ho hadde tid til å sjå bestemora som tok den lange vegen til Beijing på besøk.

Eigentleg ville ho ikkje til Kina den gongen i 1999 då ho 33 år gammal danka ut fleire av veteranane i Dagsrevyen i konkurransen om Asia-jobben. Japan var hennar land i Asia. Der hadde ho budd i to år, og ho kunne japansk. Kinesarane var ganske snåle, syntest ho.

No elskar ho Kina. Ho gløder når ho snakkar om landet.

— Det er ein enorm energi i Kina for tida, det er ein fantastisk plass å vera, du kjenner at det lever under beina på deg, at du er med på ei enorm omvelting. Optimismen er stor, landet er i ferd med å få grep på ting. Kina er det store og spanande landet i verda nett no, både politisk, økonomisk, når det gjeld design og musikk. Og kontrastane mellom det gamle og det nye er så fascinerande.

Sjølvsagt har ho lært seg kinesisk, men framleis er ho betre i japansk.

— Eg synest språk er gøy, og tenkte at når eg hadde greidd å knekkja dei japanske kodane, så ville eg nok greia dei kinesiske også. Men det krev stor innsats å læra eit nytt språk som er så framandt, og det tek tid å finna ut av ting i ein så framand kultur. No når eg kjenner at det fungerer, at eg får ting til fordi eg skjønar spelereglane, hadde det vore vedunderleg å kunna bli verande.

Kjersti søkte om å få ein periode til som Asia-korrespondent. Men søknaden blei ikkje behandla, nok er nok i NRK, alle må heim til Marienlyst når uteperioden er omme.

Ho kvir seg til å flytta frå hutong-huset sitt, eit lågt trehus i eit gammalt kinesisk bustadområde midt i Beijing. Det er lenge sidan ho forlet NRK-leiligheita i høgblokka i ambassadestrøket. Sosialantropologen i henne likar å ta skikken der ho kjem, og koma inn under huda på dei journalisten skal skriva heim om.

Å sjå Kjersti Strømmen ta seg fram i trafikk-kaoset i Beijing, skal vera litt av eit syn. Fryktlaus kastar ho seg uti bilhelvetet og tek seg til rette med den gamle jeepen sin ved å ropa og veiva med armane. Rett som det er hoppar ho ut av bilen for å rydda seg veg.

Når ho får besøk av slekt og vener heimanfrå, unngår ho turistløypene, ho viser stolt fram det genuint kinesiske. Så forsvinn ho brått fordi ho må på jobb.

Kjersti Strømmen, Beijing. Ei sterk og tydeleg stemme frå Asia. Det var ofte drama å melda heim om.

Arbeidsreisene til Indonesia har vore hennar mest dramatiske desse fire åra. Der fekk ho smaka på angsten, og var ofte i langt større fare enn ho sjølv var klar over. Ho vart teken til fange saman med sju franske journalistar og sat som gissel hos geriljaen då ho dekka frigjeringskrigen i Øst-Timor. Ein kollega vart drepen i spøkjelsesbyen Dili då dei var i lag på jobb der.

Då sars-epidemien braut ut, drog ho til Sør-Kina, der smittefaren var størst. Ho har rapportert heim bomber på Bali og hovudjegerar på Borneo. Om storpolitikk og dramatiske hendingar, men har heile tida hatt ein bestemt tanke i bakhovudet, fortel ho.

— Eg har prøvd å få vanlege folk til å fortelja, prøvd å formidla deira opplevingar slik at folk heime lettare skal kunna identifisera seg med det som skjer.

Ho besøkte enkene etter dei flyktningane som omkom i ein container i Dover. Og ho møtte den ni år gamle irakiske guten som prøvde å redda søster si då flyktningbåten gjekk ned på veg frå Indonesia til Australia. Den vesle guten fortalde Kjersti om korleis han klamra seg og søstera til nokre vrakrestar og korleis ho døydde mellom armane hans.

— Heile familien var på flukt, halve familien drukna. Det var utruleg sterkt å møta denne guten. Minnet om han har brent seg fast, seier Kjersti Strømmen.

— Eg tenkjer også mykje på menneske eg møtte i farlege situasjonar og som måtte bli att når eg berre kunne trekkja meg tilbake og reisa derifrå.

Nokre av reisebreva hennar kjem no i bokform. Det Norske Samlaget gjev ut boka «Tatt av Asia». Det er på grunn av boka Kjersti må avbryta øylivet og dra til Oslo nokre dagar.

Som tenåring bestemte Kjersti Strømmen seg for at ho ville bli utanrikskorrespondent. Dei lo litt av henne når ho fortalde dette, både på vidaregåande og i studentmiljøet i Bergen, der ho studerte sosialantropologi, samanliknande politikk og japansk.

Kjersti Strømmen, Beijing. Sidan ho lærde å skriva, har ho hatt brevvener rundt om i heile verda. Sidan ho var liten har ho oppdrege foreldra sine heime på Moksheim, sør for Haugesund, til å leva med ei dotter som er meir fryktlaus og eventyrsøkjande enn dei fleste.

— Dei er blitt flinke til å tåla at eg set meg i situasjonar som kan vera ganske utfordrande, seier ho, som lenge har vore ein ivrig klatrar, raftar og dykkar.

— Klatringa og raftinga har vore med på å gjera meg mentalt sterk. Når eg er i ein dramatisk situasjon, tenkjer eg gjerne at eg står i fjellveggen, at eg må kjenna på magekjensla og la den bestemma om eg skal gå vidare eller trekkja meg. Eg veit at det er inga skam å snu, seier ho. Ofte snur ho ikkje.

Kjersti måtte venta med å reisa ut i verda åleine til ho var femten, då fekk ho dra på språkskule. To år etter drog ho til Australia som utvekslingsstudent. Sidan har ho farta verda rundt og hatt lange opphald mellom anna i Latin-Amerika, Midtausten, Afrika og Asia. Innimellom har ho vore heimom for å ta ein eksamen.

Ho har jobba som drosjesjåfør, raftinginstruktør, bartendar, lærar, sildefabrikkarbeidar, turistguide og sosialarbeidar på flyktningmottak. Ho har jobba i lokalavis, i lokalfjernsyn, for TV2, japansk tv, canadisk lokalfjernsyn og i NRK Dagsnytt. Journalistutdanninga tok ho i Canada.

I tillegg til norsk, kinesisk og japansk, snakkar Kjersti Strømmen engelsk, tysk, fransk og spansk. Ho ler når ho snakkar om medstudentane sine på japansk som var så opptekne av dei filologiske finurligheitene.

— For meg er språk først og fremst kommunikasjon, seier ho.

— Kjersti er veldig sterkt til stades der ho til ei kvar tid er, ho er veldig flink til å tilpassa seg, til å gå inn i nye situasjonar, seier ei venninne.

Når Kjersti Strømmen er ferdig med å lansera boka si, skal ho på ferie til Nigeria før turen går tilbake til Kina. Nevøen på tretten skal få vera med til Beijing i eit par veker. Ho syter for at han slepp venta til han er femten med å reisa ut i verda utan foreldra.

Kjersti Strømmen sit på eit svaberg på Bømlo og lengtar til huset sitt Beijing.

-Det er alltid slik. Når eg er her, lengtar eg dit, når eg er der, lengtar eg hit. Eg er heldig som har to stader der eg kan parkera tankane og kjenna meg heime. No gler eg meg til å vera i Kina utan å jobba. No skal eg gjera alt det eg har fått for lite tid til dei siste fire åra, seier ho.

Blant anna skal ho sitja i den japanske badestampen ute i hagen sin og drikka te. Det spørst om ho greier sitja stille så lenge.

Kjersti Strømmen, Beijing.