Det gjeld innbyggjarane i Knarrevik i Fjell kommune som får vatnet sitt frå Knarrevik vassverk – til saman oppunder 70 husstandar.

Kommunen frykta først at det var E.coli-bakteriar som låg i vatnet. Prøveresultata i kveld viser at det er snakk om mindre farlege koliforme bakteriar. Det treng ikkje vere farlege, men kan vere ein indikasjon på tillsig frå kloakk.

– Derfor ber vi om at folk er forsiktige og kokar vatnet, fram til vi får resultatet av ei ny prøve på onsdag, seier Arve Meidell, Fjell sin tryggleiks— og beredskapssjef.

Inntil då tilrår kommunelege Stein Inge Stigen å koke vatnet i minst fem minutt før det skal drikkast eller brukast i matlaging. Dei som får vatn frå FjellVAR, er ikkje ramma av koketilrådinga.

FjellVAR har og sett ut vasstankar i Knarrevik. Dei vil stå der til i alle fall over helga.