Simon hadde pakka sekken og stod klar til å gå på skulen med venene, då politiet kom på døra halv åtte i dag tidleg. Men i staden for ein vanleg dag på Torvmyrane skule, blei det retur til ei uviss framtid i Italia.

Etter at 10-åringen og faren hadde pakka sakene sine, gjekk turen til politistasjonen i Florø. Simon fekk så ta farvel med klassekameratane, før dei blei køyrde i ein sivil politibil til flyplassen.

— Eg har ikkje lyst til å dra. Eg kvir meg for å reise tilbake til Italia. Då vi var der i fjor måtte vi bu ute. Eg fekk ikkje sove, fortalde Simon.

Inga framtid

Også faren, Fkadu, var tydeleg prega.

— Dette er vondt for Simon. Han har ikkje noko framtid i Italia, sa faren før dei to gjekk til flyet eskortert av to lokale politibetjentar.

Dette er andre gongen Simon og faren blir sende tilbake til Italia. Første gongen var i fjor etter at dei hadde budd halvtanna år i Florø. I fjor haust tok dei to seg så tilbake. No er dei altså på ny sende ut.

Norske styremakter meiner Italia var det første landet dei var innom etter at dei flykta frå Eritrea, og at det etter reglane difor er Italia som skal ta stilling til saka deira.

Simon-saka har vekt stor oppsikt, og er av fleire brukt som eit døme på at den lagt strengare asylpolitikken norske styremakter no praktiserer, kan vere i strid med internasjonale konvensjonar.

Nye opplysningar

Leiar i støttegruppa for Simon, Kåre-Leif Hollevik reagerer sterkt på utsendingane. Han var sjølv på flyplassen og tok ein kjensleladd farvel med dei to.

— Fkadu hadde ein mistanke om at noko slikt kunne skje, sidan dei fekk avslag sist veke på å få saka si opp på ny. Men vi trudde at dei nye opplysningane vi no har fått frå Italia, og som blei sendt styremaktene før helga, ville vere nok til at Fkadu kunne få leggje si og sonens sak fram for Utlendingsnemnda (UNE).

Ifølgje Hollevik har dei fått dokumentasjon som viser at Fkadu og sonen har bedt italienske styremakter om hjelp utan å få det. Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner dei to har opphaldsløyve i Italia.

— Men vi kan dokumentere at dei ikkje har fått den hjelpa dei har krav på som flyktningar med opphaldsløyve i Italia.

Hollevik legg ikkje skjul på at han meiner Simon-saka er ei skam for nasjonen.

— Norske utlendingsstyremakter har stempla Fkadu som ein bløffmakar. Det er han ikkje. Han er ein afrikansk helt, ein åleinefar som prøver å ta vare på sonen og skape ei framtid for han.

Trur det blir vanskeleg

Alt før flyet letta frå Florø i går, hadde Hollevik vore i kontakt med fleire sentrale politikarar som tidlegare har støtta dei i kampen for at far og son skal få bli. Hollevik lovar dei vil slåst vidare.

Advokat Roland Kjeldahl, som har saka på vegner av Simon og faren, er ikkje optimist. Saka har vore handsama av UNE tidlegare, og Kjeldahl trur ikkje konklusjonen vil bli ein annan når dei denne gongen skal ta stilling til ein klage.

— Dessverre ser det mørkt ut. Saka er så grundig dokumentert at det er vanskeleg å sjå korleis vi kan få UNE til å snu. Vi meiner nemnda har valt å sjå bort frå moment dei burde følgt betre opp, spesielt situasjonen til barnet, seier han.

Advokaten kan ikkje sjå at UNE har lagt vekt på FNs barnekonvensjon i det heile.

— Det opprører oss. Vi meiner den burde vore utslagsgjevande ut frå dei forholda Simon har vore utsett for i Italia, seier Kjeldahl.

PÅ VEG TIL ITALIA: I 10-tida i dag vart Simon og faren sendt med fly til Oslo. I morgon går trulet turen til Roma. FOTO: Egil Aardal