— Så lenge eg køyrer sjølv går det greitt. Men eg føler meg utrygg når eg ikkje har eigne pedalar og spegel, seier Jorunn Landmark (62). For ti år sidan gjekk ho på kurs for å kurera tunnelskrekken sin. 1. november 2011 sit ho roleg bak rattet og fører oss trygt gjennom Bømlafjordtunnelen.

Med Jondalstunnelen som siste tilskot styrkjer Hordaland sin posisjon som landets tunnelfylke nummer ein. Den siste dynamittsalva blir avfyrt i dag, slik at den ti kilometer lange tunnelen mellom Jondal og Kvinnherad kan opnast for trafikk alt 1. september 2012 i staden for august 2013.

Lett stigande puls

— Landtunnelar går greitt, det var dette med å køyra under sjøen som skremde meg, seier Jorunn Landmark og gjer seg klar til å dukka ned under Bømlafjorden på E39 med lett stigande puls. Før tunnelen blei opna i romjula 2000, deltok Landmark saman med 60 andre på fobimeistringskurset som Sunnhordland bru- og tunnelselskap arrangerte saman med Statens vegvesen.

— På botnen – 260,4 meter under havflata – fekk vi koma ut av bussen og kjenna at det fint gjekk an å pusta der nede. Det hjelpte òg å høyra ekspertane forklara om fjellkvalitet og lensepumper, fortel Jorunn Landmark og køyrer letta ut i dagslyset ved bomstasjonen på Føyno. Den verste angsten er under kontroll, men ho vil ha alle tunnelopphald så korte som mogeleg.

To av ti menn

Tunnelfobi plagar mange av oss i større eller mindre grad – to av ti menn og tre av ti kvinner. Men tunnelvande vestlendingar er tøffare i tunnel enn austlendingar.

— Vi har registrert regionale skilnader, med større angst for tunnelar på Austlandet enn på Vestlandet. Uansett vil dei med størst angst føla fysisk og psykisk ubehag også om dei må køyra i tunnel dagleg, seier seniorforskar Gunnar D. Jenssen i forskingskonsernet SINTEF i Trondheim.

Hordaland åleine har no så mange og lange vegtunnelar at ein kunne køyrt i tunnel samanhengande frå Bergen til Haugastøl om dei blei lagde etter kvarandre.

Sogn og Fjordane og Hordaland har over 20 tunnelar som kvar er meir enn fire kilometer og dermed rekna som lange tunnelar som påkallar ekstratiltak av omsyn til bilførarane.

Skjer noko ved fire km

— Det er ikkje definert nøyaktig kva som er ein lang tunnel, men det skjer noko med oss når vi køyrer lengre enn fire kilometer, seier Gunnar D. Jenssen.

— I slike tunnelar er det viktig å bryta den søvndyssande monotonien, gjerne ved å ha ulike soner med ulike opplevingar. Derfor er det i Lærdalstunnelen laga spesielle lyseffektar og snupunkt i bergrom for kvar seks kilometer. Etter mi meining bør det gjerast spesielle tiltak i alle tunnelar over fire kilometer, og då er lys det viktigaste, seier Jenssen.

Når det gjeld ubehaget med å køyra tunnel meiner Gunnar D. Jenssen at det er viktig å skilja mellom frykt, som kan vera konkret og skremmande, og ein meir udefinerbar angst.

— Nokre reagerer med å bremsa, andre med å setja opp farten for å koma seg fortast råd ut av tunnelen. På den måten aukar ulukkesrisikoen. Påkøyring bakfrå er hyppigaste ulukkesårsak i tunnel, seier Gunnar D. Jenssen.

PÅ BOTN: Jorunn Landmark fekk nyttig eksperthjelp for å takla redsla for undersjøiske tunnelar. Her på botnen av Bømlafjordtunnelen.