— Ein litt annleis julemarknad, seier prosjektansvarleg Torill B. Nøstvåg. Ho står blant forfattarar, kles- og møbeldesignarar og bildekunstnarar i det store butikklokalet på Leirvik kai der det tidlegare blei selt brudeutstyr.

Mange er innom, anten for å oppleva sunnhordlandskunstnarar på nært hald eller for å handla julegåver av dei.

Fanari

Over 20 aktørar innan litteratur, musikk, foto, tekstil, arkitektur, design og bildekunst frå Sunnhordland deltek på firedagarsmessa, som skjer i regi av kunstnarforumet Fanari.

Fanari blei etablert på Stord i 2008 for å arbeida for å styrkja og synleggjera kreative og kulturbaserte næringar i regionen. Førjulssamlinga på Leirvik er første gong dei er samla på ein felles arena. Torill B. Nøstvåg håpar det kan bli fleire tilsvarande samlingar seinare.

- Går unna

— Jaudå, bøkene går unna, seier stuntpoet Arne Torget, som har reist frå Husnes til Leirvik med den nye diktboka si «Soldråpar» i kofferten.

I lokalet har Torget selskap av blant andre forfattarkollegane Truls Horvei, Roald Kaldestad, Solfrid Sivertsen og Atle Hansen. Ved inngongen sit Lars Slettebø med sine teikningar og ikonmaleri, inst i lokalet har fotograf Øyvind Hjelmen og bildekunstnar Rigmor Nygård funne sin plass. Hjelmen har søndag invitert til fotokurs.

— Det er fint at også unge kunststudentar med tilknyting til regionen deltek her. Og kanskje kan det oppstå nye relasjonar og spennande samarbeid mellom kunstnarane, seier Torill B. Nøstvåg, utlånt frå omstillingsorganisasjonen SNU som finansierer kunstnarjulemarknaden på Stord.