Irene Øvstebø Tvedten, sunnhordland.no

– Nei, eg var ikkje nervøs på førehand, dette er berre moro, fortel Gro Gerhardsen. Advokaten har halde på med handarbeid lenge, og no stiller ho ut kunst for første gong i Bømlo Kulturhus. Amatørutstillinga "The war isn't over when it ends" opna i går sundag, og tar utgangspunkt i Vietnamkrigen.

"Trådinstallasjonen", laga av nupereller, heiter "eller", og framstiller ein fot som skal til å trakka på nokre små, kvite blomar. Kjem dei til å bli øydelagde, eller klarar dei seg?

– Det var det som datt ned i hovudet på meg då eg høyrde temaet for utstillinga, fortel Gerhardsen. Bømlo Kunstlag har henta setninga "The war isn't over when it ends" frå musikalen Miss Saigon, og tyder "Krigen er ikkje over når freden kjem".

– Eg tykkjer det var ei knall utfordring. Dessutan er eg positivt overraska over korleis folk har tolka temaet, for dei andre bidraga er ikkje like dramatiske som eg kanskje hadde venta, seier Jan Willy Folgerø-Holm. Han stiller også ut i kulturhuset, med måleriet "Minefield Mission Accomplished". Til vanleg er han maritim rådgjevar på Bømlo, men han driv aktivt med måling og teikning på fritida.

– Ein må jo vera med på når noko slikt blir arrangert, seier han.

Ikkje dystert

Både profesjonelle og amatørar stiller ut i kulturhuset.

– Med eit så kraftfullt tema å jobba etter, blir det kunstig å skilja mellom profesjonelle og amatørar. Her er det ikkje noko rett eller feil – alt handlar om personleg uttrykk, seier Janne Robberstad i Bømlo Kunstlag.

– Tanken bak utstillinga er å skapa ein arena kor bildande kunstnarar kan utfolda seg. Mange held til dømes på med måling heime, men får aldri vist det fram, seier ho.

Då kunstlaget tok initiativ til utstillinga, var det i utgangspunktet med tanke på kunstnarar på Bømlo, men dei fekk så mange førespurnader frå heile distriktet at dei valde å opna for folk frå andre stader. Alt ifrå formgjevingselevar til pensjonistar er med.

– Eg tykkjer det er kjekt å sjå at det er så høgt nivå på det som blir stilt ut. Det har blitt ei flott og fargerik utstilling, og trass i temaet er det ikkje ei dyster utstilling. Då vil eg heller seia at fokuset er meir på håp, meiner Robberstad.

Utstillinga er open fram til 15. august, det vil seia heile framsyningsperioden til Miss Saigon i amfiet.

Les meir her:

Bømlo har fått sin spegelsal

Ny leiar i Bømlo Næringsråd