Barnet har feber og diaré. Mor og far er usikre: Bør vi gå til lege? Altfor ofte blir svaret ja, meiner klinikkoverlege Anders Alme ved Barneklinikken i Bergen.

— Nærare halvparten av barna som blir akuttinnlagde på Barneklinikken treng kanskje ikkje sjukehusbehandling for å bli friske, seier Alme til BT

Ved vanleg sjukdom er det vanlegvis ikkje behov for legehjelp i det heile tatt, fordi tilstanden går over av seg sjølv. Men Alme, som har arbeidd som barnelege i over tretti år, opplever at foreldre har lågare terskel enn før for å gå til lege.

— Dei er usikre på kva dei bør gjere, og redde for at barnet skal ha det vondt eller vere alvorleg sjuk, seier Alme til BT.

— Betyr det at mange barn blir innlagde på Barneklinikken for foreldra si skuld?

— Det er rett at mange foreldre har behov for å føle seg trygge, og det er ingenting kritikkverdig ved det. Men dei bør kjenne teikn og symptom ved alvorleg, livstrugande sjukdom, understrekar han.

Før suppe - i dag sjukehus

Før visste foreldre kva dei skulle gjere, dersom barnet fekk diaré. Mor laga kanskje havregrynssuppe med sukker, ein skvett saft og litt salt. Dagens foreldre har ikkje same kunnskap.

— Tidlegare generasjonar lærte heime kva som er viktig å gjere når nokon blir sjuke. I dag har folk gløymt gode råd som havresuppe og risavkok, og går til lege i staden for å bruke det som finst heime i kjøkkenskåpet, seier Alme.

Terskelen for å søke eksperthjelp er også blitt senka. Oftare enn før ber foreldre om at fastlege eller legevakt henviser barnet til spesialistvurdering på sjukehuset, og mange får det som dei vil.

— Ein del foreldre stolar ikkje heilt på legane i førstelinetenesta, sjølv om deira vurderingar er gode. Mange vil til høgaste spesialiserte nivå før dei blir fornøgde.

Barneklinikken er pålagd å ta imot alle pasientar som blir henviste for akutt innlegging.

— Vi overprøver aldri ei slik avgjerd. Men mitt inntrykk er at legane er meir usikre enn før, og kan vere for raske til å sende barn vidare. Ein grunn kan vere at medisinen utviklar seg så raskt, og at legar kanskje ikkje føler seg heilt oppdaterte på kva behandlingstilbod som finst. For å vere på den sikre sida, henviser dei til spesialistane, seier Alme til BT.

- Har det betre heime

Fordi det kjem såpass mange barn til Barneklinikken, som strengt tatt ikkje burde vere der, har sjukehuset oppretta ein eigen kategori: Observasjonspasient.

I desse tilfella har sjukehuslegane vurdert tilstanden som ikkje alvorleg, men har likevel barna til observasjon i 3-6 timar. Dei administrative rutinane for denne gruppa er mindre arbeidskrevjande, og vanlegvis reiser barna heim same kveld.

— Ofte gjer vi avtale om open retur, slik at barnet kan kome tilbake, eller foreldra kan ringe oss direkte, utan å måtte gå gjennom lege igjen, forklarar Alme.

— Berre eit lite mindretal nyttar seg av tilbodet om open retur. Det tyder på at foreldra føler seg trygge nok, fordi dei har fått ei vurdering. For Barneklinikken betyr det at vi kan skrive barna ut tidlegare. Ungane har det betre heime.

Framandgjering

At moderne menneske oppsøker profesjonell hjelp når vi blir stilte overfor vanleg sjukdom, tolkar Alme som teikn på sterkare framandgjering av daglegdagse utfordringar. Men ikkje på grunn av mangel på opplysing og kunnskap - tvert om. Problemet er at vi ikkje veit kva vi skal bruke all informasjonen til.

— Sjukdom, stress og bekymringar er normale påkjenningar vi møter som menneske, men i langt større grad er dette blitt tilstandar som legekompetansen skal ta seg av, seier klinikkoverlegen.

— I tillegg blir folk oftare fortalde at dei ikkje gjer ting på rett måte. Prisen kan vere at dei misser trua på at dei sjølve skjønar kva som er rett og kan ta riktige val.