Bergen tingrett gjev Kjell Sørensen og Fellesforbundet fullt medhald på alle punkt i saka som den tidlegare Frank Mohn-tilsette Helge Husebø hadde reist mot si eiga fagforeining. Husebø er dømt til å betale Fellesforbundet 88.000 kroner i sakskostnader.

Husebø gjekk til sak fordi Fellesforbundet nekta å gje han juridisk støtte då han ville gå til sak mot Frank Mohn Flatøy AS. Husebø meiner han vart mobba bort frå arbeidsplassen, medan Fellesforbundet nekta å støtte han fordi dei meinte han ikkje hadde noko prosedabel sak, noko som krev at det er meir enn 50 prosent sjanse for å vinne saka. Husebø gjekk vidare med saka, som enda i eit forlik med Frank Mohn Flatøy.

Forsvararane for Fellesforbundet er sjølvsagt nøgd med avgjersla, medan advokaten til Husebø rasar.

— Eg tykkjer det er ein svært spesiell dom, seier advokat Odd Drevland.

Han reagerer spesielt på at domstolen har gått inn og vurdert Husebø si opphavlege sak mot Frank Mohn Flatøy AS. Retten har konkludert, som Fellesforbundet, med at saka ikkje var prosedabel. Tingrettsdommar Åge Fred Pedersen seier i dommen at forliket minner «mest om de forlik som førsøkes inngått når man innser at saken ikke kan vinnes».

— Dei har openbert ikkje grunnlag for å gå inn og vurdere denne saka, og seie at saka ikkje var prosedabel. Det er ikkje tvil om at dette var ei svært godt forlik for Husebø, seier Drevland.

Det er prosessfullmektigane for Fellesforbundet ikkje samd i.

— Dei har framstilt det som ein siger, men viss ein samanliknar med tilsvarande saker så er dette noko godt forlik. Vår oppfatning er at forliket på ingen måte er det Drevland og Husebø prøver å framstille det som, seier advokat Harald S. Kobbe.

I forliket, som er referert i dommen, gjekk Frank Mohn Flatøy med på å trekkje tilbake oppseiinga av Husebø, samstundes som han gjekk med på å seie opp sjølv. Husebø fekk i tillegg full lønn i ni månader etter han slutta, noko som ifølgje Drevland utgjorde fleire hundre tusen kroner.

I tillegg til Fellesforbundet sine sakskostnader på 88.000 kroner må Husebø no betale eigne sakskostnader. I alt har dei to sakene kosta Husebø over 200.000 kroner, noko som berre kan vinnast tilbake gjennom anke og påfølgjande siger i høgare rettsinstansar.

Advokat Drevland har rådd Husebø til å anke, noko dei må bestemme seg for innan ein månad. Drevland vedgår at ein anke ikkje er risikofritt for Husebø, men meiner dei har god grunn til å vinne fram.

— Isolert sett er det ikkje tvil om at saka fortener ein anke, for denne saka er feil, seier Drevland.

Kjell Sørensen i Fellesforbundet ønskte ikkje kommentere saka.