ARNE HOFSETHarne.hofseth@bergens-tidende.no

Det er i samband med årsavslutninga av rekneskapen at fondsstyret har bestemt seg for tapsavskrivinga på 30 millionar dollar i fjerde kvartal 2000. Aksjonærane har fått varsel om at kvar aksje kan bli 1,46 dollar mindre verd.

Saksøker banken Overfor Bergens Tidende gjer pressetalskvinne Alexandra Niehe det likevel klart at fondet ikkje har gitt opp håpet om å få pengane attende. Dei går no til rettssak mot Hanvit Bank i Seoul.

Administrerande direktør Philip Vermeulen understrekar at fondet har styrke til å støtta selskapa dei har investert i, sjølv om Korea-pengane skulle gå tapt.

FLV Fund vil også kunne investera i nye selskap som blir oppretta i SAIL Port Northern Europe (SPNE) på Voss, om vilkåra ligg til rette.

Eksklusivt SAIL-fond Fondet er oppretta av Jo Lernout og Pol Hauspie, belgiarane som også står bak L&H og SAIL Trust, som begge har avleggarar på Voss. FLV står for Flandern Language Valley, språkteknologane sitt svar på Silicon Valley i USA, sjølv om flate Flandern i Belgia vanskeleg kan kallast ein dal.

FLV Fund konsentrerer seg berre om verksemder som brukar tale— og språkteknologi (SAIL). Fondet har kontor i Ieper (Belgia), Singapore, Boston og Silicon Valley, og hadde i 1999 eit overskot på 13,9 millionar dollar.

Eit tap på 30 millionar dollar vil såleis vera smerteleg.

Klare spor Medan Lernout & Hauspie (L&H) ikkje veit kvar 100 millionar dollar har teke vegen i Korea, eller om pengane har eksistert anna enn på papiret, er VLF Fund fullstendig klar over kvar deira 30 millionar dollar er, Hanvit Bank i Seoul har teke hand om dei.

Pengane vart overført til denne banken fordi fondet skulle oppretta ein koreansk avleggar under namnet Asia Pacific.

Etter kort tid var alle pengane på bankkontoen pantsett til fordel for eit lån til L&H sin Korea-sjef.

Mafia-fakter Han har vore sporlaust borte sidan konsernsjef John Duerden i fjor haust reiste til Soul og etterlyste L&H sine sakna 100 millionar dollar. Besøket enda med at tre skumle typar storma inn på kontoret og, i alle fall tilsynelatande, banka opp sjefen for L&H Korea.

Det er på det reine at L&H Korea skulle yta teknisk hjelp ved FLV Fund si etablering. Men fondsleiinga i Belgia understrekar sterkt at direktør Seo ikkje hadde fullmakt til å plukka ut medlemer av det lokale fondsstyret på eiga hand. Dette styret var dermed ulovleg valt, og hadde ikkje fullmakt til å pantsetja midlane.

God tru? Belgiarane har også vanskeleg for å skjøna at banken kan ha vore i god tru når kvar einaste dollar som skulle investerast i koreanske teknologiverkemder, vart pantsett til fordel for ein direktør som privatperson.

Det einaste uklare i biletet, er kva Seo brukte pengane til. Enkelte trur at det kan ha samanheng med den kreative bokføringa i L&H og at leiinga der var involvert. FLV Fund insisterer på at dei to selskapa er klart juridisk skilde.

Forsynte seg I stemninga legg FLV Fund også vekt på at Hanvit Bank tok pengane frå FLV sin konto 14. desember 2000, medan Seo sitt lån hadde forfall 31. desember. Banken si melding om realisering av pantet kom FLV-folka i hende 22. desember, då retten skulle vurdera FLV sitt krav, framsett 8. desember, om at pengane skulle «frysast» på fondet sin konto i banken inntil saka er avgjort. Banken si grunngjeving for å forsyna seg av kontoen, er at den forsvunne direktør Seo skuldar renter for ein månad.

Suspendert FLV Fund er børsnotert på Easdaq, men har vore suspendert sidan revisjonen for 3. kvartal 2000 oppdaga at heile pengebingen i Korea var ulovleg pantsett. Aksjekursen i fondet har fylgt same kurva som it-aksjar flest siste året; bratt stigning fram til våren, deretter i unnabakke.