Styret i Norges Skiforbund vraka Voss og valde i går kveld Steinkjer som arrangør for NM nordiske greiner 2011.

— Vi er skuffa, men det er definitivt gode sjansar for at vi søkjer NM 2012. Vi må bruke tida fram til neste frist til å gjere søknaden enno betre. Vi må ha på plass ei storstove i samband med Voss ski og tursenter, seier leiar i søkjarkomiteen Tore Nyborg.

Også Drammen, Rindal/Surnadal, Røros, Savalen og Vang søkte arrangementet. Til slutt stod det mellom Steinkjer og Voss.

— Eg har forstått det slik at det vart ein distriktskamp mellom Trøndelag og Vestlandet, og at Steinkjer vann knappast mogleg, seier Nyborg.