VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOsloDette vart resultatet etter at namsmannen i Bergen gjennomførde tiltak for å sperre kontoane. Det skjedde etter avgjerd frå namsretten.

Reduserte bankinnskot Det er på det reine at det tidlegare har stått langt høgare beløp på kontoane, spesielt to kontoar som høyrer til klinikken som legen dreiv.Legen er nå under etterforsking, sikta for skatteunndraging. Han vart meldt til politiet 12. mai i fjor. Svart Legen har hatt fullt høve til å ta ut og overføre pengar frå kontoane i perioden etter at han vart avhøyrd av politiet og til arresten vart gjennomførd. Bergen Likningskontor meiner at ein stor del av verksemda ved legeklinikken er halden utanom reknskapa og at det har skaffa legen feile svarte inntekter.I oktober gjennomførde politiet i Bergen ransaking og tok beslag på klinikken og heime hjå legen. Samstundes vart han avhøyrd av politiet, opplyser politiadjutant Tore Johan Sørland til Bergens Tidende.Skattekravet med tilleggsskatt og rente, er på heile 4,76 millionar kroner. Men dette er reint førebels. Kravet er basert på gjennomgang av likningsåra 1996 og 1997. Nye store beløp Både likningskontoret og politiet gjennomgår nå dei andre aktuelle inntektsåra. Det gjeld 1998, 1999 og 2000, og kanskje også tidlegare år, opplyser Sørland. — Mykje tyder på at det kan resultere i nye store beløp må leggast til, seier Sørland.