Da den den 22-årige Måløy-kvinna vart konfrontert med dette, la ho likegodt skulda på ein nær slektning. Ho hevda at vedkommande slektning hadde erkjent å ha misbrukt kortet for dei nær 15.000 kronene som var heva utan korteigarens samtykke.

Dette medførte igjen at kjærasten gjekk til politiet og melde den påståtte syndaren for kortmisbruket.

I si politiforklaring gjentok den 22-årige kvinna forklaringa om at det ikkje var henne som hadde misbrukt kortet, men denne slektningen. Men dette skulle vise seg å være eit realt feilgrep.

For etterforskinga avslørte korleis det eigentleg hang saman, nemleg at det var kvinna sjølv som hadde misbrukt kjærastens kort for 14.938 kroner.

Neste veke må ho dermed møte for retten, sikta for å ha utsett ein uskuldig tredjepart for urettmessig straffeforfølging.

Ifølgje aktor i saka, politiadvokat Ronny Iden, er minstestraffa i slike tilfelle seks månaders fengsel.