– Vi hadde eit oppsummerande møte tysdag kveld. Leiren vil gå i minus. Kor stort underskotet blir, vil kome litt an på avtalane vi får med kreditorane. Men vi snakkar nok i alle fall om ein sum mellom 200.000 og 300.000 kroner, seier generalsekretær i 4H, Astrid Solberg.

Ho tok i går føremiddag med seg den siste ungdommen som har vore isolert, sin eigen son, heim til Austlandet. I alt blei kring 60 ungdomar plassert i isolat på Reed skule etter utbrotet av svineinfluensa på den nordiske leiren.

Ta lang tid

Solberg trur det vil ta lang tid før organisasjonen har eit resultat frå leiren som det går an å setje to strekar under. Til fleire av tilboda ungdomane skulle få på aktivitetsdagane, hadde 4H leigd inn profesjonelle arrangørar.

– Mellom desse aktivitetane var rafting, brevandring og fjellklatring. Vi må no setje oss nøye inn i kontraktane, og kome i dialog med kreditorane, seier generalsekretæren.

400 ungdomar skulle søndag og måndag ha rafta i Jølstra. Avlysinga gjorde at raftingselskapet gjekk glipp av 180.000 kroner, og avisa Firda skreiv i går at Jølster Rafting krev erstatning frå 4H.

– Det er fullstendig feil. Vi har ikkje kravd erstatning. Det er 4H som har tatt kontakt med oss og bede om ei oversikt over dei kostnader vi har hatt, seier Knut Arild Flatjord, ein av tre eigarar i Jølster Rafting.

I tillegg til at aktivitetar blei kansellerte, måtte 4H også avlyse to av dei største arrangementa i leiren. Den opne dagen på søndag og konserten med Surferosa om kvelden same dag kunne ikkje gjennomførast.

– Vi har kome opp i ei uføresett hending ingen kan klandrast for. Eg håpar avtalepartnarane våre har forståing for det.

Budsjetterte med pluss

Ifølgje Solberg var budsjettet for 4H-leiren sett opp med eit overskot på 200.000 kroner.

– Det var 4H på landsplan som tildelte arrangementet til Sogn og Fjordane. Vi har ein avtale som seier at dersom leiren går med underskot skal lands— og fylkesorganisasjonen dele utgiftene. Men dette er ein så spesiell situasjon at vi vurderer om 4H Norge skal ta ein større del. Vi har arrangert slike leirar sidan 1950-talet, og det er første gong vi har opplevd noko slikt. Eg håpar også at det blir den siste.

– Kva blir følgjene dersom 4H i Sogn og Fjordane må ut med 150.000 kroner?

– Det er så mykje pengar at då vil nok det gå ut over aktivitetsnivået framover.

Tankevekkjar

Gloppen kommune har hatt store ekstrautgifter til helsetenester og isolatet som blei etablert. Rådmann Marit Elisabeth Larssen har gjort det klart at kommunen vil krevje at staten tek desse kostnadene.

– Kan 4H kome med eit tilsvarande utspel?

– Eg har vanskeleg for å sjå kvar vi skal sende eit slikt krav. Utgiftene våre er på ein måte risikoen vi tok med å arrangere leiren, seier Solberg.

4H har ingen forsikringar som dekkjer det som skjedde på Breim. Ifølgje Solberg undersøkte dei på førehand kva det ville koste å teikne ei avbrotsforsikring, men dette var så dyrt at det ville kosta meir enn underskotet organisasjo-nen no ser ut til å få.

– For meg har det som skjedde på Breim vore ein tankevekkjar. Eg trur nok mange arrangørar må tenkje gjennom konsekvensane av ei slik ekstremhending som vi kom utfor, seier generalsekretær Astrid Solberg.