— Planane om slanking og flytting av Norsk språkteknologi til København er eit reint røveri, meiner investorar.

Framlegget om å flytta Skandinavias leiande språkteknologiselskap NST til København blir av investorar på Voss sett på som reint røveri frå Telenor Venture, kanskje også SND Invest AS, si side.

Mange meiner at dei to største aksjonærane Telenor Venture og SND Invest nyttar ut situasjonen og bruker pengemakta til å kuppa heile selskapet.

Dei føler at dei ikkje får takk for å ha hjelpt selskapet på fote, og seinare bladd opp med nye pengar tre gonger for å hjelpa selskapet over kneika etter kollapsen i Belgia. Så lenge det er von om ei anna løysing, ynskjer ingen av investorane å stå fram offentleg med kritikk.

Utvatna eigerandel

Nedskriving av aksjane frå ti til ei krone, og nyteikning av kronesaksjar til to kroner stykket, betyr at eigardelen blir sterkt utvatna for alle som ikkje skyter inn nye pengar.

Dei nye aksjane blir fem gonger så mykje verdt som dei gamle.

Dei to største aksjonærane eig i dag 55 prosent av NST, og er innstilt på å skyta inn sju millionar kroner kvar i ny aksjekapital. Dermed aukar deira eigardel kraftig på kostnad av alle som ikkje vil vera med på flyttelasset til Kongens by.

- Reinhekla tøv

Investorane på Voss er såleis mot verdiminken på aksjane. Dei innser at det kan vera lurt å styrka salskontoret i København, men ikkje å flytta produktutviklinga.

Oppretting av ei salsavdeling i Bergen blir sett på som reinhekla tøv.

Tap av sparepengar

Det er godt over 200 vossingar som no står i fare for å tapa sparepengar. Dei aller fleste er inne med beløp frå nokre få til eit par hundre tusenlappar.

Vel 220 personar har kanalisert sine pengar gjennom Vossamål AS, eit selskap som er oppretta for dette formålet, fordi minstebeløpet ein kunne teikna seg for i 1999 var 400.000 kroner. Eit tilsvarande, men mindre, selskap samlar småinvestorar frå Vossestrand.

Ein handfull private investorar og småverksemder på Voss teikna aksjar for 400.000 kroner kvar. For dei står om lag ein halv million kroner på spel etter emisjonane i år.

Kommunen og lokalbankane har satsa eit par millionar kroner kvar.

Dei to gründarane hadde til saman ein eigardel på vel 13 prosent etter emisjonen i februar i år.

Tapte pengar

Sjølv om NST skulle leva vidare i beste velgåande i København, vil dei fleste lokale investorane sjå pengane som tapt. Eit viktig motiv for å delta, er å sikra arbeidsplassar på Voss.

Interessa for nyteikning for vidare drift i København er midt sagt lunken, får Bergens Tidende opplyst av sentrale aktørar i Vossamål AS.

SPRÅKPROBLEM: I april i fjor var næringsminister Grete Knudsen heidersgjest då ho avduka skiltet som viste teikninga av det 10.000 kvadratmeter store næringsbygget på den gamle travbanen på Tvildemoen.
Arkivfoto: RUNE SÆVIG