• Fire månader er ganske lang tid. Tredelen av året med redusert omsetnad kan tæra hardt på forretninga, seier Knut Stamneshagen ved Esso-stasjonen ved Beitelentunnelen på Dale.

Han skjønar godt at E16 må oppgraderast, men synest det er svakt av Vegstellet at dei ikkje finn lempelegare løysingar enn ei så langvarig stenging.

Kollegaen med Shellstasjon på Dale Trafikksenter på nedsida av tunnelen fryktar enda større omsetnadssvikt. Der er det betre inn— og utkøyring for store lastebilar og vogntog, og fyller ofte drifstoff på Dalegarden. Desse blir heilt borte frå vegen i fire månader.

Men Stamneshagen er redd for at også småbilane vil svikta.

— Når bilistane har prøvt den gamle kjerrevegen ein gong eller to, satsar dei på andre løysingar, spår han.

Sjølv transport med litt store varebilar kan blir problematisk over den smale Hellestræ-brua med krappe svingar i begge endar. Særleg er det trongt på sørsida. Stamneshagen trur at også småbilar vil ta omvegen om Hardanger.

I Hardanger har ein vanskeleg nok med å tenka seg 300 nye vogntog i døgeret på den elendige vegen. Kjem mange småbilar i tillegg, blir det mykje rygging og herjing. Folk som bur langs riksveg 7 mellom Kvam og Granvin kvir seg til hausten. Overfor Bergens Tidende vert det også sådd tvil om vegen toler ein slik trafikkbelastning, reint fysisk. Murane mot fjorden er nærare 70 år gamle og dimmensjonert for heilt andre køyrety enn dei som ruller her i dag.

Distriktsvegkontoret forsikrar at dei vil ta ein grundig gjennomgang av dei to vegstrekningane før E16 vert stengt.