VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noDette opplyser politifullmektig Helge Vigerust ved Bergen politidistrikt til Bergens Tidende.— Mest sannsynleg gjeld det store beløp, og vi tek saka svært alvorleg, seier Vigerust.Ransakinga vart gjennomførd avdi tannlegen i lengre tid har nekta å samarbeide med politiet, opplyser Vigerust. - Vi har gjennom lengre tid oppmoda han om å gje oss rekneskapsmateriell og opplysningar. Det har han nekta. Vi har kvidd oss lenge, men kom til sist til at vi ville gå til retten og be om godkjenning for ransaking. Det fekk vi. Ransakinga vart gjennomførd i januar, seier Vigerust. Tannlegen vart meld til politiet av Likningskontoret i Bergen i 1999. Saka er ein del av den systematiske kontrollen av legar og tannlegar og ein del andre frie yrke, som likningskontoret har gjennomførd. Likningskontoret arbeider vidare med desse målretta kontrollane.