— Variasjonen er veldig stor. Det vanlege er at tankbåtane ventar frå eitt til tre døgn. Men det finst døme på at tankbåtar har gått i havet vest om Mongstad både ti og tolv dagar, ja attpåtil enno lenger, før dei går inn til terminalen, seier dagleg leiar Henrik Magnus i Fensfjord Mooring.

Selskapet har no søkt om løyve til å leggje tre fortøyingsbøyer for tankskip i området, ei i Fensfjorden og to på Fonnesflaket. I samband med søknaden har Fensfjord Mooring laga eit oversyn som viser kor mykje venting det er på tankarane som skal til Mongstadterminalen.

Fulle med olje

På klåre dagar kan du frå dei yttarste holmane i kystområda sør om Sognesjøen sjå dei som små prikkar langt vest i havet. Men dei små prikkane er store tankbåtar, og, den dagen uhellet er ute, flytande miljøbomber. I dagevis kan dei gå att og fram med få knops fart for å bruke minst mogleg drivstoff rett utanfor den norske grunnlinja.

— At tankbåtar ligg på vent, har vi visst lenge. Det vi har prøvd er å skaffe eit oversyn over kor lenge dei ventar, seier Magnus.

I all hovudsak er det båtar med tomme tankar som skal laste olje på Mongstad som blir lagt på vent. Men det hender også at tankbåtar fullasta med olje på veg inn frå sokkelen ligg i dagar før dei får gå til kai og losse.

Miljøtrugsel

Selskapet meiner det vil vere langt sikrare å få lagt tankbåtane i bøyer innaskjers, enn å ha dei gåande vest i havet.

— Det vil alltid vere ein fare for at noko kan skje, så lenge dessa fartøya går og ventar i ope hav. Når dei går med så låg fart er dei mindre manøvreringsdyktige. Båtane slepp ut klimagassar, så dette vil vere ein klar miljøvinst. I tillegg vil dette vere eit økonomisk godt alternativ, seier Magnus.

Ved trafikksentralen på Fedje har dei ikkje oversyn over kor lenge båtar går fram og tilbake i internasjonalt farvatn.

— Det skjer ofte at båtane melder seg fleire dagar før dei får køplass. Men at dei ligg på vent så lenge som det her er snakk om, er ikkje regelen, seier operativ leiar ved sentralen, Terje Alling.

Få vil uttale seg om kvifor dette skjer. Fleire BT har vore i kontakt med peikar på at StatoilHydro ønskjer høg regularitet ved terminalen. Dette gjer at dei tek inn båtar slik at dei heile tida har ei kø. Fleire peikar på at prisane blir justerte ved kvart månadsskifte. Dersom kjøparane trur prisen kan gå ned, ventar dei med å gå til kai. Berre små justeringar kan gje utslag for millionar på ein fullasta 300.000 tonnar.

Utfordrar Kystverket

Norges Miljøvernforbund meiner det no må ryddast opp.

— Det er ikkje akseptabelt at slikt skjer i våre farvatn, meiner Jan-Hugo Holten, fagansvarleg for olje i miljøorganisasjonen. Han viser til korleis havariet til lasteskipet «Server» med nokre få hundre tonn bunkersolje om bord, førte til ryddeutgifter på bortimot 300 millionar kroner. Holten utfordrar no Kystverket:

— At Kystverket ikkje tidlegare har teke tak i ventinga og sett på dette som ein miljørisiko, er oppsiktsvekkjande. Det vitnar om at etaten ikkje fokuserer nok på beredskap.

Avdelingssjef Knut Stenevik i Kystverket stadfestar at manglande høve til ankring i område kan gjere at skip ligg i venteposisjon.

— Ventetid medfører ein viss risiko, då dette kan føre til at det blir tettare mellom skipa i området. Men så lenge dette er situasjonen utanfor norsk territorialfarvatn, så fell det utanfor Kystverkets ansvarsområde.