Neste år kjem uroa. Gravemaskinar, bulldosarar, kompressorar, dynamittgubbar og kraftkarar.

Om BKK får viljen sin.

Men ikkje om Ivar Orvedal får det som han vil.

Då vert det framleis stilt i Måren.

Det er det ikkje folket som bur her som avgjer. Slikt ligg til politikarar og byråkratar, langt borte. Folk som aldri har tinga ekstrastopp hjå Fylkesbaatane når dei kjøper billett. Eller som slår på det gule blinklyset som varslar ferja mellom Ortnevik og Nordeide at her er det passasjerar som skal med.

For Måren har korkje veg eller fast plass i rutehefta. Berre ei stjerne, og ein fotnote som fortel korleis du skal te deg for å kome hit.

Men det er kraft i dei bratte fjella, vasskraft som ikkje er utnytta. Det vil ikkje storsamfunnet sitja stilt å sjå på. Millionar av kroner renn rett i fjorden

Her lyt det utbygging til.

Då vert det bråk.

Skjønt bråk.

Det er fem fastbuande i Måren for tida. Tre er for, og to er mot utbygging.

Verre er det ikkje.

Kulturblanding

Ivar Orvedal (51) er ingen vanleg odelsgut, sjølv om har teke over farsgarden. Og han er ingen vanleg naturvernar, sjølv om han er mot kraftutbygging i heimbygda.

Du merker det alt når han tek imot på kaien. Mannen lukter kvitlauk. Bønder i veglause grender gjer ikkje det.

Og han talar om improvisert jazz, om bildekunst og filosofi. Les du ein av diktsamlingane hans, skjøner du snart at denne karen ikkje fer med tomme ord. Her er det djupt til botnen.

Ein skulle ikkje tru mannen er skipselektrikar, men det var det han utdanna seg til då han drog frå bygda på syttitalet. Sidan kom han i kontakt med mange miljø.

No er han komen heim, med ryggsekken full av kultur. Då handlar det ikkje berre om felespel, folkedans og rosemåling, sjølv om han har sans for det med. Hjå kunstnaren i Måren er verda vidare.

I fjor skipa han til Måren Biennalen, der kunstnarar frå mange land kom saman til dikt, musikk og måling. I haug og hamar vart det spela, måla og lese dikt. Sambygdingen Einar Førde opna det heile med ei tale som seinare kom på prent i BT som Einar på ein Onsdag.

Ikkje mindre.

Det usagte

Det er Ivar og kona Aud som er mot kraftutbygginga i Måren. Dei andre tre som bur her, er for.

Som Hans Runnestø (82, og vel så det) som kjem putrande på den vesle traktoren sin langs fjorden. Det er tid å hente posten.

— Jau, kraftutbygging er eg for. Du kan skrive det. Eg trur det er framtida for Måren, seier den gamle geitebonden.

Saman med kona Else (86) bur han der vegen sluttar, i vest.

De har fire born. Ein son i Amerika, de andre bur på Austlandet. Ingen vil ta over garden.

— Det er utdanninga, veit du. Alle unge vil ut og ta utdanning.

Sjølv er Hans Runnestø nøgd med livet i Måren.

— Posten kjem kvar dag. To gonger i veka er bussen med ferja frå Ortnevik. Då kan vi reise heilt inn til Høyanger sentrum, om vi vil. Det held det.

Når naboen Ivar kjem ned til brygga, stopper samtalen om krafta.

Dei taler ikkje om den saka. Då går helst drøset om kvardagslege ting.

Det gjeld å ikkje skape strid mellom grannar.

Vasstrid over grensa

Men saka har alt slått ein kile mellom naboane Høyanger og Balestrand. Dei kivast om vatnet, her som i Mellom-Austen.

For sildrande vatn kjenner ingen grenser, korkje mellom land eller kommunar. Opphavleg var planen å inkludere Eitrevassdraget i Balestrand med utbygginga i Måren. Det skulle gje 58 GWh.

Men brått har Høyanger hoppa av, og går no berre for Storelva i Måren. Det vil gje gode 20 GWh. Utan å informera naboane aust for Lånefjorden, vil dei ha Storelva flytta opp frå kategori 2 til kategori 1 i Samla Plan. Det må til for å få utbygging. Lokal motstand må tonast ned.

Frå å vere eit middels kraftprosjekt, med neddemming, overføringar og anleggsvegar i fjellet, er det no redusert til eit vanleg elvekraftverk i Høyanger. Til stor irritasjon i Balestrand.

Slik står ikkje berre godfolk, men og politikarar og byråkratar fylka til strid om krafta på Høyangerhalvøya.

Dass på plass

Om BKK får temme fossen, skal folket i Måren få ein dass.

Så enkelt kan det seiast. Og kanskje får dei pengar til å halde dassen rein. Slikt kallast «avbøtende tiltak» i BKK sine sakspapir. Det skal opprettast eit fond, der kraftselskapet sjølv skal med i styret for å passe pengebruken.

Stort meir står det ikkje om lovnader i konsesjonssøknaden. Det vart og stadfest på eit folkemøte i fjor.

Men Ivar Orvedal vil ikkje ofre Storelva for eit toalett ved kaien, om det vert aldri så reint og fint.

Han godtek heller ikkje at Høyanger kommune har overtatt fallrettane i elva for 27.000 kroner.

For det er ikkje nytt med kraft i Måren. Alt i 1952 fekk bygda sitt eige kraftverk, på garden til Orvedal. Det putla og gjekk i 30 år, og produserte 60 kilowatt til glede for bygdas folk. No vil BKK produsere drygt hundre gonger meir straum, og føre han ut av bygda. I ein sjøkabel over til Nordeide.

Fem millionar kroner i året, skal kraftgiganten tene på det. Og meir om straumprisen stig.

Men Måren treng ikkje straumen. Dei vert godt forsynt av ein høgspentleidning langs Sognefjorden.

Verdsarven

Norske fjordar er verdas fremste reisemål, i fylgje National Geographic, som har greie på slikt.

Då meiner Ivar Orvedal det er meiningslaust å tørrleggja den siste urørte elva i Høyanger. Sjølv om det ikkje er noko imponerande fossefall dei har å syne fram i Måren. Turistane ser det vel knapt frå cruiseskipa midtfjords.

Likevel, det vesle som er skal bort, førast i røyr frå sitt naturlege leie. Ned til ein kraftstasjon ved havna, kilt inn mellom fritidshytter, tett ved ei av dei få sandstrendene langs Sognefjorden.

— Det er galskap å øydeleggja kulturlandskapet slik, seier han.

Sjølv har han 28 vinterfora norske spelsau i fjøsen. Ein urgamal rase. Langragga, rufsen, med kraftige, krumma horn på vêrane. Nede i lia går fire nordlandshestar som han og har ansvar for; Symra, Tuna, Fossekallen og Skimt. I småskogen i Måren spring over hundre hjort.

Her har det budd folk i uminnelege tider. Funn tyder på det. På 1500-talet var Måren kongegods. Eit av dei første postkontora i fylket vart lagd her. Den gongen fjorden var ferdselsåra.

No fer dei fleste forbi den vesle bygda med den lange historia.

Men neste år legg dei kanskje til kai, med anleggsmaskinar og dynamitt.

Då vert det bråk i Måren.

MOTKRAFT: Ivar Orvedal vil ikkje ha kraftverk i bygda. Saman med kona kjempar han mot, med ord, kultur, musikk, kunst og den gode samtalen.<br/>Foto: KNUT STRAND