Politiet i Sogn og Fjordane fekk tysdag klokka 19.45 melding om at ein tankbil hadde køyrt i grøfta ved Myrmel i Gaular. Tankbilen sto på hjula og det var ikke lekkasje, opplyser politiet.

Brannvesen og politi kom til staden. Småbilar vart dirigert forbi.

Klokka 21.15 meldte politiet at vegen framleis var stengt for tyngre køyrety. Det var etablert trafaikkpostar ved Sande og Storehaug som dirigerte småbilar over Bygstad.

Like etter klokka 22 fortalde operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Bereide, at vegen er heilt stengd mens berginga av tankbilen pågår.

— Me har fått antyda at arbeidet vil ta ein times tid, seier han til bt.no.

Allereie klokka 22.30 var tankbilen oppe på vegen igjen og trafikken har sidan gått som normalt.