• Manglande risikokartlegging.
  • Feil vurdering av kva beredskapstiltak som må til.
  • Manglande vedlikehald.
  • For dårleg beredskap mot akutt forureining.

Dette er dei viktigaste funna Statens Forureiningstilsyn (SFT) har gjort etter å ha kontrollert tankanlegg langs norskekysten sidan 2004.

SFT er uroa over tilstanden.

— Sidan dei som driv desse anlegga ikkje har tilstrekkeleg merksemd på risikovurdering, beredskap og vedlikehald er faren for forureining uakseptabel stor, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i tilsynsseksjonen i SFT.

Storleiken på tankanlegga gjer at SFT ser ekstra alvorleg på tilstanden.

— Om det først skjer noko, så er det alvorleg fordi det er så store mengder, seier Bjørnstad.

Oljegigantane like ille

I 2004 og 2005 kontrollerte SFT tankanlegga til dei store oljeselskapa; Statoil, Hydro, Shell og Esso.

I fjor vart anlegga til mindre selskap kontrollert.

Mellom 16 og 20 anlegg er kontrollerte. I år skal anlegg langs Glomma inspiserast. Der ligg kring ti tankanlegg.

Inspeksjonane viser at manglane er dei same hos både store og små selskap.

SFT er også kritisk til tankanlegg for flytande avfall, slik som Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg.

— Det er ting som tyder på at ein del av bedrifta som handsamar farleg avfall ikkje tek tryggleiken alvorleg nok, sa Bjørnstad til Bergens Tidende i går.

Borregaard-lekkasje

I mars i fjor vart store mengder sjøfugl truga då fjorten kubikkmeter tung fyringsolje lak ut i Glomma. Eit døme på konsekvensen av manglande vedlikehald, ifølgje Bjørnstad.

Borregaard Industries ved Sarpsborg var i ferd med å fylle lagertankane då det vart lekkasje i røyrleidningen mellom lagertankane og tankbåten.

Borregaard måtte i haust ut med to millionar kroner i bot etter utsleppet.

SFT og Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB) deler ansvaret for tilsyn ved anlegg som Vest Tank i Sløvåg. Medan SFT fører tilsyn i høve til forureining, har DSB ansvar for tilsyn i høve til eksplosjonsvern.

Ikkje tilsyn

— Det vert ikkje ført tilsyn i noko bestemt intervall frå vår side. Når det skal førast tilsyn vurderer me ut frå risiko, det handlar om volum og om det til dømes har vore organisasjonsmessige endringar ein stad.

— Var det planlagt noko tilsyn ved Vest Tank frå DSB si side?

— Vest Tank er eit forholdsvis nytt anlegg og var ikkje inne på planen, seier Tom Ivar Hansen, avdelingsleiar for risikoverksemder i DSB.

Anlegget i Sløvåg starta opp for to og eit halvt år sidan. I prosessen for å få klarsignal til å starte opp var DSB inne i biletet.

I går kom DSB til Sløvåg for å ta del i etterforskinga av årsaka til eksplosjonen i ein av dei fjorten gasstankane.

Rutinar ved Vest Tank

Dei tilsette og leiinga på anlegget vart i går avhøyrt av politiet.

— Kva slag rutinar har de i Vest Tank i høve til tryggleik og eksplosjonsvern?

— Me har rutinar for eksplosjonsvern og tryggleikssoner. Det er prosedyrar og risikoanalysar som vert gjennomført regelbunde, seier Jostein Berland, dagleg leiar i Vest Tank.

— Kor ofte vert desse prosedyrane gjennomgått?

— Det er avhengig av kva for produkt me har til ei kvar tid. Rutinane vert oppdaterte ved behov. Det var ein heilt rutinemessig operasjon me held på med i går.

— Kva tid vart rutinane sist gjennomgått?

— Det har eg ikkje tal på som eg kan gje deg, dette er framlagt for politiet, seier Jostein Berland.

ÅSTEDSGRANSKING: Kriminalteknikere fra Hordaland politidistrikt undersøkte brannstedet i går.