Det farlege avfallet som var i tanken som eksploderte først, inneheldt store mengder natronlut. Då den enorme eksplosjonen skjedde, var Vest Tank i gang med å føre saltsyre inn i tanken. Meininga med å tilsetje saltsyre, var at stoffet i tanken skulle skilje seg. Gjennom prosessen skulle mesteparten av avfallet bli så reint av det kunne reinsast vidare og til slutt pumpast i sjøen.

— Det er korrekt at vi tidlegare ikkje hadde tilført saltsyre på denne måten før, seier administrerande direktør Jostein Berland i Vest Tank.

Prøvd sidan april

Når natronlut blir tilsett saltsyre, blir det sett i gang ein kjemisk reaksjon som gjer at det blir danna vanleg koksalt og vatn. I tillegg skil vatn seg frå oljehaldige stoff. Dette ville Vest Tank gjere seg nytte av. Mengda med farleg avfall ville dermed kunne bli redusert for vidare handtering. Vatnet ville kunne reinsast vidare, slik at det til slutt kunne sleppast ut i sjøen.

Sidan april hadde selskapet eksperimentert med denne prosessen i laboratorium. I ein glassylinder blei saltsyre tilført avfallet. Eit tungt oljelag seig ned på botnen, medan eit tynnare brennbart oljesjikt la seg på toppen. I midten danna det seg eit stort lag med vatn, kring 85-90 prosent av volumet. Vatnet var lysebrunt, noko som fortalde at det innheldt ein liten oljerest.

Etter forsøka i laboratorium, blei det så på eit møte i første halvdel av mai avgjort å starte gjennomføring av prosessen i tank nummer 3 onsdag 23. mai. Det var lite avfall i denne tanken, fyllingshøgda var kring ein meter.

Sjølvkritikk

Bergens Tidende har fått innsyn i den førebelse rapporten om eksplosjonsulukka i Sløvåg som Vest Tank har sendt Statens Forureiningstilsyn. Ifølgje bedrifta skjedde det same i tanken som hadde skjedd i laboratorietestane. Oljen skilde seg frå vatnet. Alt utvikla seg som det skulle i nesten 12 timar, og meir enn to tredelar av den planlagde syra var tilført i tanken. Så, utan noko forvarsel, small det.

— Det vi skulle gjere var testa og kvalitetssikra på førehand. Eg trur ikkje prosessen hadde noko med eksplosjonane å gjere, seier Berland.

— Kan du utelukke det?

— Nei, eg kan ikkje utelukke noko som helst, seier Berland.

Utover dette ønskjer han ikkje å kommentere den førebelse rapporten bedrifta har sendt SFT. Men han understrekar at selskapet er oppsett på å finne årsaka til det som skjedde.

I rapporten tek bedrifta sjølvkritikk på at dei ikkje fullt ut har «konsekvensutredet» reinsevatn som hadde blitt tilført tanken. I dette vatnet var det kjemikaliar med vaskeeigenskapar, det som på fagspråket blir kalla tensidar. Desse tensidane har ein polar del og ein annan del som ikkje er polar. Når såpebobler av tensidar sprekk, kan det skje overføringar av elektronar som er nok til å lage ein gneiste. Vest Tank meiner det sannsynlegvis er dette som har skjedd. Samstundes har det danna seg lettenneleg gass i det opne rommet i tanken over det farlege avfallet. Gassen er truleg danna frå oljekomponentar som blei frigitt frå slammet på botnen i tanken. Eksplosjonskrafta var enorm.

Sentralt i etterforskinga

Lensmannen i Masfjorden, Ivar Holmaas, har ansvaret for etterforskinga. Han stadfestar at prosessen som blei nytta står sentralt.

— Det seier seg vel nærast sjølv at når det skjer noko slikt første gongen ein prosess blir gjennomført, blir det ein sentral del av etterforskinga, seier Holmaas som likevel understrekar at politiet går breitt ut. Han seier dei kjem til å nytte seg av sivil ekspertise, i tillegg til å samarbeide nært med Kripos, politidistriktet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

— Vi er no i ein fase der vi samlar inn opplysingar og informasjon. Dette er ei alvorleg sak, og det blir ei omfattande etterforsking, seier Holmaas.