Det går mot utsetjing for byggesaka i Svartediksveien 23. Høgre har bedt byrådet om svar på kva utnyttingsgraden (TU) eigentleg er på prosjektet.

Utbyggjar Ole Rakner hevdar at utnyttingsgraden er 83 prosent, like over maksimumskravet i kommunedelplanen. Det har byrådet allereie godkjent.

Problemet er berre at kommunen har basert seg på opplysningar frå utbyggaren. Svartediket Vel hevdar Rakner har rekna feil, og at utnyttingsgraden er 133 prosent.

Nye utrekningar avgjer

Høgre, som saman med Pensjonstpartiet og Frp kan sikre fleirtal for å godkjenne dei tre ferdigbygde lågblokkene, ba tysdag altså om nye utrekningar frå byrådet.

Tala blir ikkje klar før tidlegast klokka 12 i morgon. For Høgre blir det truleg for seint. Møtet i komité for miljø og byutvikling, der saka skal avgjerast, byrjar klokka 16.

– Da er noen av oss opptekne av at fraksjonane ikkje får behandle dette på ein skikkeleg måte. Difor vil eg i gruppestyremøte Høgre i dag tidleg be om støtte for å utsetje saka, seier komitemedlem Hans Edvard Seim (H).

I dag tidleg ber han gruppestyret i Høgre om mandat til å utsetje saka. Men konkluderer byggesaksavdelinga med at Rakner sine utrekningar er riktige, kan likevel Høgre gå inn for vedtak allereie i dag.

– Når vi ser konklusjonen vil min fraksjon avgjere om vi vil gå inn for ei utsetjing, seier han.

Etter eit møte mellom byrådet og Arbeidarpartiet i går ettermiddag, sa Seim at Høgre ikkje kjenner seg forplikta til å kome fram til ei semje i saka, slik budsjettavtalen mellom byrådet og Ap krev.

– Nei, etter vår meining er dette ikkje ei «viktig plan— og byggesak», seier han, med referanse til ordlyden i avtalen.

Ut med målband

Det er advokatkontoret Grahl-Madsen, Ingebrigtsen & Co som har rekna på utnyttingsgraden for Svartediket Vel. Dei meiner Rakner har brote reglane for korleis utnyttingsgraden skal reknast ut på fleire punkt:

  • Innvendige skiljevegger er uriktig trekt frå.
  • Innandørs parkering og bodareal er ikkje medrekna.
  • Utvendig parkering er ikkje medrekna.
  • Underetasjen i Svartediksveien 23 B er ikkje medrekna.

Ole Rakner er usamd i at desse areala skal vere med når utnyttingsgraden av tomta blir rekna ut.

Etter at kravet om kontrollmåling kom frå komiteen tysdag, sendte byggesaksavdelinga opp folk til bygga i Svartediksveien med målband. Det stadfester byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen.

I tillegg vil avdelinga gå gjennom dei juridiske innvendingane frå velforeininga sine advokatar.