• Eit trasig resultat, seier ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

No er det klart at underskotet på Tall Ships Races vart 13 millionar kroner.

— Eg skulle sjølvagt ha ynskt at det ikkje var slik, men dette er tallenes tale, vi må ta det som det er, seier ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

Han vedgår at kommunen ikkje har vore flink nok til å selje arrangementet.

— Når vi ser på grunnlaget for å dimensjonere besøkstalet så tok vi utgangspunkt i Ålesund, Stavanger og Fredrikstad. Ålesund hadde 350.000 besøkande, og vi sa at vi i Måløy skulle greie 60.000. Så reduserte vi faktisk det med 40 prosent, og likevel bomma vi. Det er eit faktum, seier han til NRK.

Dei 13 millionane er pengar kommunen må finne innsparing for, og kjem i tillegg til at kommunen har varsla at dei må spare 15 millionar neste år, skriv Firda.no.

Den største minusposten er ifølgje Fjordenes Tidende servering og party. Der var underskotet 4,1 millionar dei fire dagane arrangementet varte.

Øystein Torheim (arkiv)