— Han må ha klippa tal frå Vaksdal kommune og limt dei inn i tilrådinga si, påstod Svein Tollefsen frå Gullbrå, då statsmakta med statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i brodden kom til Eidslandet.

Det er kommunal- og regionaldepartementet som skal avgjera om folket i det nordlege dalføret av Vaksdal får innfridd ønskjet sitt.

Fylkesmann Svein Alsaker presiserte at tala som står i tilrådinga er innhenta av fylkesmannsembetet frå ulike hald, og la fram ytterlegare dokumentasjon då delegasjonen nådde Mo i Modalen.

Tollefsen la fram eit alternativt reknestykke som synte ein årleg reduksjon i Vaksdal sine inntekter på 10,4 millionar kroner, medan fylkesmannen sitt tal er 25 millionar kroner.

Usemje om økonomi

Det er usemje om kommuneøkonomien i det heile skal vera tema i grensereguleringssaker.

— Søknaden vår er heilt i tråd med føremålsparagrafen i Inndelingslova og forskriftene. Der er økonomi ikkje vektlagt, seier Liv Anne Bergo i Eksingedalen Bygdaråd.

— Likevel er kommuneøkonomien gjort til eit hovudsaka i Fylkesmannen si tilråding om avslag, supplerer Tollefsen.

«Utbrytarane» varslar at dei vil imøtegå delar av Fylkesmannen si utgreiing i eit brev til departementet innan ei veke.

— Eg går ut frå at eg får høve til å kommentera dette brevet, seier fylkesmann Svein Alsaker.

Smular av rikdommen

Bygdefolket i dalføret argumenterer med at dei utgjer 7,5 prosent av folketalet i Vaksdal. Kommunen har i dei siste 30 åra fått 300 millionar kroner frå kraftproduksjonen i Eksingedalen. Mindre enn ein prosent av desse skatteinntektene er investert i området der dei kjem frå.

— Dette har ikkje endra seg dei to åra sidan vi sette fram kravet. Fleirtalet i Vaksdal durar fram på same kursen. Seinast i desember vart det enda ein diskusjon om å kvitta seg med aldersheimsplassane Vaksdal eig i Modalen, seier Bergo.

Ordførarane i dei to kommunane orienterte om departementsfolka folkerøystinga og standpunkta i dei to kommunestyra. Modalen har sagt ja med ni mot fire røyster, medan Vaksdal har sagt nei med 19 mot to.

Ordførar Eirik Haga la vekt på at kommunale tenester må reduserast kraftig i Rest-Vaksdal, som han uttrykte seg, utan samanlikning med Jugoslavia elles.

Grundig handsaming

Fleire millionar av inntektene Vaksdal har i dag (handel med konsesjonskraft), vil ikkje bli overført til ei utvida Modalen kommune, men hamna i fylkeskassa til bruk andre stader i fylket.

Statssekretær Sandbakken forsikrar om at saka får grundig handsaming. Mellom anna må ein sjå nærare på ein del tal før departementet tek avgjerd. Turen med minibuss på smale vegar i fint vintervêr sette han pris på.

— Men eg skjønar godt at dei som må køyra her dagleg ikkje likar det. Dette er ikkje nokon god veg. Det ville vera galt å seia.

Kva meiner du om endringa? Sei di meining i kommentarfeltet under.