Hans tidlegare advokat sende ei stemning mot staten til Oslo byrett først åtte månader etter at stevninga var utforma. Dermed måtte byretten nyleg avvisa kravet som forelda.

Hans Martin Fjellandsbø frå Huglo i Stord ville gjennom den tidlegare advokaten søkja staten om erstatning for feilbehandling ved Rikshospitalet i 1996, etter at Norsk Pasientskadeerstatning først avslo ein søknad om vederlag.

Fjellandsbø blei operert for skjelvingar, med den følgje at han i tillegg miste taleevna. Han kommuniserer no ved hjelp av teksttelefon og ein berbar tekstmaskin. 43-åringen meiner at Rikshospitalet ikkje informerte han godt nok om bieffektar ved operasjonen i 1996, noko sjukehuset avviser.

Fjellandsbø sin noverande advokat, Stavanger-sakførar Pål Mitsem har vendt seg til den tidlegare advokaten og varsla advokatansvaret som kan utløysa eksadvokaten si rettshjelpsforsikring. Men for at Hans Martin Fjellandsbø skal få del i desse pengane, må det godtgjerast at han hadde eit krav mot staten. – Alternativet mitt er velferdsvederlag løyvd av Stortinget, seier Fjellandsbø, som blant anna skuldar Oslo byrett vel 16.000 kroner i ankegebyr.