Det er no 1077 personar heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane, tilsvarande 1,9 prosent av arbeidsstyrken.

Dette er ein nedgang på 191 frå sist månad, men likevel ei dobling frå same månad i fjor. Det er normalt at arbeidsløysa går ned frå april til mai.

– Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er framleis på eit lågt nivå, men vi er uroa over at arbeidsløysa aukar mest blant ungdom, og særleg unge menn, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Bygg og anlegg

Berre Rogaland med 1,8 prosent, har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane. På landsnivå er arbeidsløysa 2,6 prosent, ein auke på 85 prosent frå mai i fjor.

Arbeidsløysa har auka mest innan bygg og anlegg og i industrien. Her er det ein auke på høvesvis 254 prosent og 111 prosent. Nær halvparten av dei heilt ledige i fylket kjem frå desse næringane.

Unge menn

Det er ein klar tendens at arbeidsløysa aukar mest blant ungdom, og særleg blant unge menn. Samla sett er det for ungdom under 30 år ein auke på 156 prosent samanlikna med mai i fjor. For menn er auken på heile 216 prosent, medan auken berre er 81 prosent for kvinner. I aldersgruppa over 50 år er auken berre på 57 prosent.

Talet på heilt permitterte har auka frå 101 i mai i fjor til 244 i mai i år. Tek vi med delvis permitterte, er talet på permitterte oppe i 516. 70 prosent av dei permitterte kjem frå industri, bygg og anlegg, av dei 120 personar frå fiskeindustrien.

Det er no Bremanger som har den høgste registrerte arbeidsløysa i fylket med 5.5 prosent. I tillegg har Høyanger 5.1 og Selje 5.0 prosent. I den andre enden er det mange kommunar med svært låg arbeidsløyse, Gulen, Hyllestad, Leikanger, og Lærdal har alle under éin prosent arbeidsløyse.