— Dette blir eit litt for «lurt» forretningskonsept, når siktemålet er eksport av straum. Kraftselskapa og staten legg utgiftene sine på straumkundane og deler overskotet mellom seg, seier Naterstad.

— På toppen av alt vil eksport av straum føra til høgare kraftpris innanlands, legg han til.

Naterstad avviser at mastene i Hardanger vil gje pluss i klimarekneskapen.

. I Hardanger er metallurgisk industri reinere enn andre stader i verda. Ved å legga ned arbeidsplassar i Ålvik og føra straumen via Simadalen til austlandet, opnar ein for meir metallurgisk produksjon i land med store co2-utslepp, seier den nye Ap-leiaren i kvam.