— Vi er frå Hardangervegen AS, frå Kvam, Jondal, Odda og Kvinnherad og frå Hordaland fylkeskommune, og vi skal orientera samferdsleministeren om kva fordelar Jon-dalstunnelen vil ha for Hardanger, opplyser dagleg leiar i Hardangervegen AS, Eilev Instanes.

— Vi vil sjølvsagt og ta opp med statsråden korleis vi kan få realisert tunnelen, legg han til.

I Hardangervegen AS trur dei no det er mogleg å få bygt tunnelen om ein då vel det kortaste alternativet. For å få dette til tenkjer ein seg at tunnelbreidda vert redusert til same breidde som Folgefonntunnelen, som har såkalla T 8 profil. Dette vil redusera kostnadene noko.

Vidare vil dei styrkja finansieringa ved bruk av konsesjonskraftmidlar, og ved å nytta tilbakeføring til kommunane av auka arbeidsgjevaravgift for bedriftene.

— Her har vi alt kome langt på veg. Vi har nemleg med til samferdsleministeren ein appel frå seks av dei største bedriftene i regionen rundt Jondalstunnelen. Dei seks bedriftene går alle inn for at tilbakebetalinga av auke arbeidsgjevaravgift skal gå inn i finansieringa av Jondalstunnelen, seier Eilev Instanes.

Bedriftene som er med på appellen er Sør-Norge Aluminium, Norzink, Tinfos Titan & Iron, Tyssefaldene, Hardanger Fiskeforedling og Fjellstrand.

Desse bedriftene har ei total verdiskaping på 3,5 milliardar kroner og sysselset ca. 1.500 personar.