Mannen har lasermålar i den eine handa, matrikkelutskrift og fotoapparat i den andre. Han opnar grinda, går over steinhellene opp til hytta og stoppar opp. Ser seg nøye om. Ingen heime.

Deretter tek han opp digitalkameraet, og fotograferer den grønmåla hytta med kvite karmar frå alle baugar og kantar. Boden også.

– Av og til må eg kikke inn glaset. Men eg går aldri inn i hytta, seier Trygve Mo, takstmann i Kvam herad. Han har i oppdrag å finne ut kva hytta di på Kvamskogen er verdt.

Frå hytte til hytte

Alle hus og hytter i Kvam Herad skal takserast denne hausten. Først til hausten skal lokalpolitikarane i Kvam avgjere om dei skal innføre skatt på all eigedom, fritidseigedomar inkludert. Men takseringsarbeidet av totalt 8800 eigedomar er alt i gang.

Sjå oversikta over all skatt på eigedom i Hordaland her. Av 2500 hytter i heradet ligg flesteparten på Kvamskogen. I hytteparadiset til bergensarane har seks takstmenn i lengre tid gått frå hytte til hytte. Målt opp areal, tald etasjar, sett etter sprekkar i grunnmuren, sjekka kledningen og leita etter teikn på innlagt straum og vatn.

– Vi utfører ei enkel taksering, og må ta teknisk tilstand med i vurderinga. Taksten skal trass alt avspegle ei form for marknadsvurdering, forklarar Mo.

Takstmennene skal også føre opp talet på bygningar på kvar eigedom. Ikkje reint få uregistrerte tilbygg har dukka opp undervegs.

– Det er mykje tilbygg, ja, og hytter som er «påsnikra» alle vegar. Det er ikkje alltid like lett å måle opp, seier Mo.

Blide bergensarar

Resultatet av hyttebesøket vert sendt til eigaren. Ein gjennomsnittleg hytteeigar må rekna med ein skatt på om lag to tusen kroner i året.

Men man har rett til å klage .

Alle hytteeigarar har fått SMS i forkant av besøket – eit pipande varsku om at takstmennene kjem og eit tilbod om å vere til stades sjølv. Få har nytta sjansen, men i løpet av takseringsrunden har Mo & Co. møtt på mange av dei likevel.

Folk er så blide når dei er her oppe. «Kvamskogen», seier dei, «det er livet!».

– Folk er i godt humør. Det er berre fred og ro og vellæte å høyre, seier Moe.

– Ingen bergensarar som rasar over hytteskatten?

– Eg har ikkje hatt eit einaste ubehageleg møte. Så har vi også fått opplæring i å informere så godt vi kan når vi møter folk på hyttene, seier Mo.

– Folk er så blide når dei er her oppe. «Kvamskogen», seier dei, «det er livet!»

Hytteskatt? Nei takk!

Ved hyttefeltet på Movassleitet gjer små og store seg klare til tur. Striregn er ingen grunn til å avlyse blåbærturen.

For 12 år sidan kjøpte Kari Engebregtsen hytte på Kvamskogen. Kvifor? På grunn av kort veg frå Bergen og snø om vinteren. Men tanken på å betale hytteskatt kan ho styre seg for.

– Det er vel ingen tvil om kva vi hytteeigarar meiner. Men må vi betale skatt, vil vi ha noko igjen for det.

– Kva då?

– At Kvam jobbar for tunnel under Kvamskogen, slik at vi slepp å ha hytte langs ein hovudveg og det blir eit hytteparadis her, seier Engebregtsen.

– Det er også viktig at Kvam jobbar mot kraftline over Kvamskogen, og ikkje tillet nokon å byggje over skoggrensa. Det ville tatt bort kosen her.

Men akkurat no druknar feriekosen i regn. Alt er vått.

– Klassisk Kvamskogen-vêr! Berre dei ikkje tek til å ta regnvêrsskatt, seier Engebregtsen tørt.

Kva synest du om skatt på eigedom i Kvam? Diskuter saka her.

Ørjan Deisz