Tenåringen ferierer i Norge med familie og vener. Søndag ettermiddag bada dei ved Lovatnet, da Henk bestemte seg for å gå ein liten tur oppover Brengselva. Planen var at faren skulle kome like etter.

Men før faren kom så langt, hadde 14-åringen kome seg opp på glatt berg der elva renn det siste stykket ned i Lovatnet.

— Elva var ikkje så stor, og eg prøvde å kome meg over på andre sida. Men eg gav opp, og ville gå tilbake. Det var da eg gleid på det sleipe berget, fortel Henk.

Guten har sklidd og rulla rundt 50 meter nedover det våte berget, og havna i ein steinete kulp ved foten av fossestryka. Sjølv hugsar han berre glimt av det som skjedde. Han har sleppt utruleg heldig frå den brutale rutsjeturen i elva.

Etter helikopterturen til sjukehuset i Førde konstaterte legane brot i lårbeinet, brest i eine armen og kutt- og skrubbskader i ansiktet og hovudet.

Både lege, ambulanse og lokale redningsfolk kom raskt til staden. Da hadde allereie faren med hjelp av andre turistar fått guten opp av elva.

— Redningsarbeidet var godt organisert. Vi fekk veldig god og profesjonell hjelp, seier mor til 14-åringen.

— Vi ante ikkje kor alvorlege skader han hadde fått, og frykta det verste.

Kjentfolk seier at det også tidlegare har vore ulykker på plassen der den nederlandske ungdommen fall ned, men at det er vanskeleg å sikre permanent på grunn av tunge snøras vinterstid.

No vil det nederlandske turistfølgjet avbryte norgesferien ei veke tidlegare enn planlagt, men 14-åringen har ikkje tatt aldeles skrekken.

— Eg har planar om å kome tilbake neste år, seier han.

Men først må han bli nokre dagar til i sjukesenga.

HELL I UHELL: 14 år gamle Henk Doppenberg fra Nederland kom fra fallet i elva i Stryn med brotskader, kutt og skrubbsår.