Begge klarte å slå seg inn på laget til verdscupstarten i Östersund onsdag.

— Dei to er skikkeleg gode eksempel på korleis trenarar skal opptre. Dei står på døgnet rundt, og viser veldig entusiasme og engasjement. Dei ofrar seg hundre prosent, og har mykje å læra vekk, meiner Ronny Hafsås (23). Alt i fjor trente Stårheim-løparen frå Nordfjordeid litt under Raphael Poirée.

I år har han jobba tettare opp mot Egil Gjelland, medan franskmannen har brukt meir av tida si på Lars Berger.

For sistnemnde ser det ut til å ha vore ein suksessfaktor. I vår vart dombåsingen vraka på elitelaget etter ein mildt sagt elendig sesong. No er han på full fart tilbake i toppen i skiskyting. Etter tredjeplassen på Beitostølen i opningsrennet, uttalte han seg slik til VG:

— Raphael har lært meg veldig mye siden han overtok som rekrutteringssjef. Han er i ferd med å gjøre meg til skiskytter. Det vil si at jeg ikke bare skal gå fort på ski, men også tenke på skytingen.

Også ein tredje løpar frå B-laget får sjansen i verdscupen før jul. Stian Eckhoff får gå i østerrikske Hochfilzen i den nest siste runden før jul. Også han blei vraka etter svake resultat i fjor, men ser no ut til å vera på rett kurs igjen.

FORNØGD: Ronny Hafsås seier han har lært mykje av Raphael Poirée og Egil Gjelland. - Dei står på døgnet rundt. FOTO: DAGFINN LIMOSETH, DIGITALSPORT
Poppe, Cornelius