Så seint som i august vurderte eit internt utval i Hydro Aluminium framlegg for å modernisere Søderberg-anlegga, både på dei to industristadane i Sogn og Karmøy. Utvalet som blei kalla Søderberg-utvalet, hadde med representantar frå alle dei tre metallverka og toppleiinga i aluminiumdivisjonen.

I utvalsrapporten blei det presentert moderniseringsalternativ, som sjølv med vesentleg høgare kraftprisar enn dagens, ville gje solid inntening. Både i Høyanger og Årdal er det snakk om utbyggingar med ei forteneste (i Hydro-systemet kalla internrente) på godt over 20 prosent. Hydro har sjølv sett ei grense på 10 prosent internrente for å investere.

Vente med avgjerda

Utvalet konkluderte med at Hydro burde vente med å fatte avgjerd om modernisering. I staden burde konsernet bruke månadene framover til å påverke politikarane for å sikre betre rammevilkår. Viktigast var å sikre at det ikkje blei innført særnorske kraftavgifter og miljøkrav. Eit samla utval stod bak konklusjonen.

Representantane frå Årdal og Høyanger oppfatta prosessen i Søderberg-utvalet som svært positiv. Prosjekta som kom fram blei sett på som forretningsmessig svært gode, og stetta interne krav til inntening. Dei tilsette meiner også at det andre Hydro-kravet blei tilfredsstilt, nemleg at moderniseringa ville plassere verka blant beste tredjedelen av verdas aluminiumprodusentar Også konklusjonen om å vente med endeleg avgjerd blei tolka som eit steg i rett lei.

Difor kom avgjerda i Hydro-styret for ei veke sidan som ei bombe:

— Vi blei ikkje informert om at styret skulle ha saka oppe til realitetshandsaming, seier kjemisk-leiar i Høyanger, Billy Fredagsvik.

1,7 milliardar

I Høyanger blei det fokusert på ein ny B-hall. Utvalet la inn større smelteomnar enn i tidlegare moderniseringsprosjekt. Med knapt 40 tilsette, ville den nye hallen produsere 71.000 tonn på årsbasis. Fysiske investeringskostnader blei kalkulert til 720 millionar kroner.

— Prosjektet har ei internrente på rundt 22 prosent etter skatt. Med denne hallen på plass i dag, ville aluminiumverket i år tent nesten 400 millionar før skatt og avskrivingar, seier Fredagsvik.

I Årdal fokuserte Søderberg-utvalet på D-hallen, som har stått tom i 20 år. Årsaka var at her ligg all infrastrukturen klar. Investeringar på 900 millionar kroner, ville gje ein årsproduksjon på 63.000 tonn. I underkant av 30 operatørar kunne drive hallen.

— Dette er eit veldig godt prosjekt. Vi snakkar om ei internrente på 23-24 prosent, seier Odd Semstrøm, hovudtillitsvald for kjemisk i Årdal og styremedlem i Norsk Hydro.

Både i Årdal og Høyanger reknar dei med at dei to nye hallane kvar ville tent inn 200-300 millionar kroner for Hydro, samla kring ein halv milliard. I tillegg kjem overskotet frå produksjonen i hallane som ikkje blir råka av Søderberg-nedstenginga.

— På denne bakgrunn er styrevedtaket uforståeleg, seier Billy Fredagsvik.

Dyrare kraft

Informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium sat i Søderberg-utvalet. Knutzen vedgår at moderniseringsprosjekta i Årdal og Høyanger tilfredsstiller krava til inntening. Men at det andre kravet, om at Hydro-verka skal vere innanfor den beste trededelen i verda, ikkje blir innfridd.

— Hovudgrunnen er at vi ser føre oss høgare kraftprisar i framtida. Og dersom vi må importere kraft, vil det skje til prisar som er 40 prosent høgare enn snittprisen på energi for aluminiumindustrien i verda.

Knutzen vedgår at det i rapporten står at avgjerda om modernisering bør utsetjast.

— Det var først og fremst representantane frå aluminiumverka som gjekk inn for dette. Konsulentfirmaet Asplan, som vi har brukt i denne prosessen, har tilrådd ei avgjerd så snart som råd. Uansett står styret fritt til å fatte vedtak.

Knutzen meiner no tida er inne for å sjå framover.

— Vedtaket er fatta. No må vi konsentrere oss om å sjå kva vi kan få til av omstillingar, seier Knutzen.