Hundre meter frå Førde kyrkje, i kjellarhusværet i eit privathus, har Førde Muslimske Senter vore dei siste fire åra. På grunn av stødig vekst i medlemstalet blei lokala for små.

Dei 500 medlemmene ville derfor flytte til nye, større lokale, men møtte kraftig motstand frå sine nye naboar. Torsdag trossa Planutvalet i Førde nabo protestane. Foreininga får likevel flytte

– Vi takkar Gud for at han passa på og opna vegen. Og vi takkar kommunen og politikarane for at vi likevel fekk ein ny plass å vere. Før det var avgjort var eg veldig lei meg. Eg bad og gret, men no er eg glad, sa Mohammad Ibrahim Zarghoon etter fredagsbøna.

Ville hatt dei vidare

Medan naboane til det kommande lokalet for senteret har protestert heftig, beklagar den noverande husverten at det muslimske miljøet flyttar ut.

– Eg har aldri hatt noko som helst problem med dette. Det har berre vore ei glede å ha dei her, seier Bjørg Jorunn Schei, som er funksjonshemma etter ei trafikkulykke og bur i etasjen over.

Ho fortel at leigetakarane rett som det er ringer på og spør om dei kan gjere noko for henne.

– Dei er hjelpsame, og det har berre vore hyggeleg. Dessverre har lokalet blitt for lite, og eg skulle gjerne hatt dei her vidare dersom det var plass nok. Men det er jo hyggeleg at miljøet veks, da, seier ho til Bergens Tidende.

– Ingen klager

Bergens Tidende følgde i går fredagsbøna i det sørgjeleg tronge lokalet. Bønerommet er eigentleg tenkt som eit lite hybelhusvære i privathuset.

Først ein knøttliten entre, utan plass til anna enn skohyller på veggen. Vidare inn i ein smal korridor som delar seg i to moderat store rom. Ein bitteliten kjøkkenkrok, eit ditto toalett.

Det er alt. Neppe særleg over 40 kvadratmeter alt i alt.

– Det som er trist er at dei som protesterer, slett ikkje kjenner oss, seier Afghanske Mohammad Ibrahim Zarghoon.

Han oppmodar dei nye naboane om å snakke med dei som har vore naboar her om deira erfaringar.

– Eg trur ikkje at nokon her i nabolaget har klaga på oss. Ikkje som vi veit om, i alle fall.

Han er oppteken av at folk ikkje dømmer miljøet ut frå det dei høyrer andre stader ifrå, og ber avisa om å fortelje at muslimane ønskjer å møte sine naboar med venskap og kjærleik. Han poengterer at ein ekte muslim ikkje forstyrrar eller seier noko vondt om sine naboar.

– Og så vil vi takke for at de i avisa lot alle få vite kva som var i ferd med å skje i denne saka, seier han.

Takkar Gud og politikarane

På dei teppelagte golva er det strekt parallelle striper med tape for å ordne bønerekkene og gjere det enkelt finne rette vinkelen mot Mekka. Ei pil på austveggen markerer det heilt tydeleg: Alkeblah.

Etternølarane kjem, vaskar seg raskt og sluttar rekkja. I dag er det relativt god plass; berre tre-fire må bruke korridoren til å be.

Folk smyg seg forbi, finn sin plass i det overbefolka rommet. Vårsola står skarp inn gjennom vindauget, lufta i lokalet er tung.

Seansen blir avslutta med at Mohammad Ibrahim Zarghoon orienterer forsamlinga om det som har skjedd i saka.

– Eg veit at de alle har oppført dykk bra, og lat oss ikkje få høyre at folk klagar på oss. Hugs at ein liten feil kan bli gjort til noko stort, seier han.