Dei to hadde spadd seg gjennom snøen og var i ferd med å bryta seg inn gjennom taket, då politiet kom til staden.

Ein nabo la merke til dei to og melde frå.

Brannvesenet vart tilkalla fordi dei to hadde drege stigen opp etter seg.

Dei var rolege, men litt oppgitt...

Ole Martin Grindheim, brannmann

— Alminnelege, ordentlege

  • Det var to menn i tjueåra vi måtte ta ned frå taket, seier Ingvar Gjerde, lensmann i Etne.

— Men det var også ein eller fleire personar i ein bil som forsvann.

Ole Martin Grindheim var med på den litt uvanlege utrykkinga for det lokale brannvesenet.

— Det var to heilt alminnelege, ordentlege karar, fortel han.

— Eg hadde aldri mistenkt dei for noko galt om eg trefte dei på gata.

Politiet ber om hjelp

Då han kom fram med stigen, stod det politi på alle kantar av bygningen mens dei to stod oppå kjøpesenteret.

— Dei var rolege, men litt oppgitt, fortel han.

Politiet veit ingenting om bilen som forsvann eller kor mange som var med. Lensmannen ber folk ta kontakt om dei har opplysningar.

Dei to på taket vert framstilt for varetektsfengsling på måndag.

TAKET. Her rakk dei å grava vekk snøen og var i ferd med å bryta seg gjennom taket. (FOTO: Kjell Fredriksen)
Holet. Eit vitne i nabolaget melde frå om innbrotsforsøket. (FOTO: Kjell Fredriksen)